Nyheter

Nyhetsarkiv

Filtrer nyheter

  • Ein ny studie ved STAMI viser at det er ein samanheng mellom individuelle og arbeidsrelaterte faktorar og mental helse i form av symptom på angst og depresjon, blant skiftarbeidarar som jobbar offshore i petroleumsindustrien. Menn rapporterer høgare nivå av psykiske plager enn kvinner.

  • Måling av smerte i hjernen

    STAMI har i samarbeid med University of Michigan i USA gjennomført ein studie der ein har påført huda varmesmerte ved to ulike temperaturar. Målet med studien var å undersøkje kva område i hjernen som reagerer på to ulike smertetypar. På sikt kan dette vere nyttig kunnskap når ein skal tolke andre studiar der ein undersøkjer korleis signal om smerte vert tolka i hjernen til høvesvis friske personar og folk med kroniske smerter.

  • Arbeid med laboratoriedyr er ein velkjent risikofaktor for allergiske lidingar. Typiske luftvegseffektar inkluderer allergisk betennelse i naseslimhinna, augekatarr og astma, medan elveblest (urtikaria) er den vanlegaste hudreaksjonen.

  • Ein ny studie av norske sjukepleiarar viser samanheng mellom fleire års arbeid i skiftordningar med mange påfølgjande nattevakter og auka risiko for brystkreft. Blant sjukepleiarar som hadde arbeidd 6 eller fleire påfølgjande nattevakter i minst 5 år, såg ein høgare risiko for brystkreft samanlikna med sjukepleiarar som aldri hadde jobba nattevakter. I analysar der ein brukte andre mål for mengde nattarbeid, vart det ikkje påvist nokon klar samanheng.

  • Laboratoriet er ein arbeidsplass med potensielle arbeidsmiljøutfordringar, særleg knytt til bruken av kjemikaliar. Desse utfordringane vert ofte sette på spissen når ein laboratorietilsett blir gravid. Korleis kan ein tilretteleggje arbeidet slik at det blir trygt ikkje berre for den gravide, men også for fosteret?

  • Arbeidarar på ulike avløpsanlegg i Noreg har rapportert om høge støvnivå og fysiske symptom som mellom anna irritasjonar og luftvegsproblem, spesielt relatert til arbeidet med tørka kloakkslam. Liknande funn har blitt gjort i undersøkingar i Sverige.

  • Sjukefråvær har vore eit aktuelt tema dei siste åra. Men kor mykje av sjukefråværet er arbeidsrelatert i den forstand at det har samanheng med arbeidet og tilhøva på arbeidsplassen? Det har vore lite diskutert, men kan spele ei stor rolle for kva tiltak som vil vere effektive når det gjeld å redusere sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet.