Kva er arbeidsrelatert sjukefråvær?
Sjukefråvær frå arbeid er eit komplekst og samansett fenomen. Det er veldig mange faktorar som påverkar sjukefråvær, men alt sjukefråvær handlar om arbeidet og den jobben ein gjer.
Det er forskjell på langtidsfråvær og korttidsfråvær. Korttidsfråværet er oftast luftvegsplagar, som å bli forkjøla eller få influensa. Dette utgjer rundt 1 prosent, og har vore stabilt over tid.
Langtidsfråværet er annleis, og her er det andre diagnosar som ligg til grunn. Muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar er årsak til over halvparten av langtidssjukefråværet.
Langtidssjukefråværet har auka dei siste åra, sidan det lågaste nivået i 2016. Men det er ikkje fleire som har vorte sjukmeldt. Det som bidreg mest til auken er at sjukmeldingane varer lenger.
Og det er spesielt knytt til dei lettare psykiske diagnosane og dei yngste gruppene, altså dei under 40 år.
Sjukefråvær på grunn av jobben
Arbeidsrelatert sjukefråvær er det fråværet som heilt eller delvis kjem av forhold ved arbeidet.
Det er altså det sjukefråværet som kunne vore unngått med eit betre arbeidsmiljø. Det vil seie korleis leiinga og tilsette i ei verksemd organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet.
Nasjonal statistikk om arbeidsmiljø viser at om lag 35 prosent av langtidsfråværet i Noreg er arbeidsrelaterte, altså det er noko vi kan gjere noko med.
Stort førebyggingspotensial
Det ligg eit stort førebyggingspotensial i norsk arbeidsliv for å redusere sjukefråværet. Om vi hadde jobba kunnskapsbasert og målretta mot dei arbeidsmiljøforholda som vi veit frå forskinga påverkar helsa, så kunne vi redusert sjukefråværet betrakteleg.
Det er ikkje lett å estimere kor mykje av sjukefråværet ein kan knyte til arbeidet. Men vi har fleire kjelder til kunnskap som gir oss eit solid grunnlag.

Statistikk om sjukefråvær
19 prosent av dei sysselsette oppgir at dei har hatt eit samanhengande fråvær på meir enn 14 dagar i løpet av det siste året. Og 7 prosent oppgir at fråværet heilt eller delvis kjem av forhold på jobben. (Tal frå STAMI/NOA)
Sjukefråværet er avhengig av jobben ein gjer
Sjukefråvær er noko anna enn sjukdom, og ein må forstå det i relasjon til dei krava som blir stilte i yrket. Ein sjukdom som fører til sjukefråvær i eitt yrke, treng ikkje å føre til sjukefråvær i eit anna yrke.
Ein arbeidstakar på ein kontorarbeidsplass kan kanskje gå på jobb med ryggsmerter. Medan ein tilsett i heimetenesta, vil meir sannsynleg ikkje kunne utføre arbeidet sitt med den same tilstanden. Då vil ryggsmertene kunne føre til sjukefråvær for den eine, men ikkje den andre.
Derfor ser vi at det er store variasjonar i langtidssjukefråværet i ulike yrke og næringar i Noreg.
Nokre bransjar med høgt sjukefråvær
- Barnehage og SFO
- Heimetenesten
- Offentleg trygdeforvalting
- Sjukeheim og omsorgsinstitusjonar
- Passasjertransport
→ Her kan du sjå oversikt over sjukefråvær i alle yrke og bransjar
Psykiske plager på grunn av jobben
Psykiske plagar er ei av dei største årsakene til sjukefråvær. Det er veldig utbreidd i samfunnet, og mellom 15 og 25 prosent av befolkinga vil ha ei psykisk liding i løpet av eit år.
Men i tillegg kan faktorar i arbeidet gi større risiko for å utvikle psykiske plager.
Det å vere i jobb er veldig bra for helsa. Å vere i arbeid dekker grunnleggande behov som meining, meistring og økonomisk tryggleik.
Men for at arbeid skal vere bra for helsa, må arbeidsmiljøet vere bra.
Risikofaktorar for psykiske plagar
Vi veit frå forsking at det er nokre faktorar i arbeidet som kan auke risikoen for å få psykiske plager, og sjukefråvær på grunn av dette.
Dei mest utbreidde faktorane er:
- høge emosjonelle krav (som handlar om å måtte samhandle med andre menneske)
- rollekonfliktar (å bli stilt overfor motstridande krav i arbeidet)
- vanskeleg å påverke arbeidssituasjonen sin
- utrygg jobbsituasjon
- lita grad av leiarstøtte
I tillegg så har ein negative sosiale handlingar som mobbing, seksuell trakassering, vald og truslar.Her kan du sjå oversikt over yrke og br
Trivsel og sjukefråvær samtidig
I Nasjonal statistikk om arbeidsmiljø ser vi mellom anna at 8 av 10 i det norske arbeidslivet trivst på jobb. Korleis kan vi samtidig ha eit høgt sjukefråvær?
Det er generelt godt arbeidsmiljø i norsk arbeidsliv, samanlikna med europeisk statistikk om arbeidsmiljø. Men det er viktig å skilje mellom trivsel og arbeidsmiljø.
Arbeidsmiljø handlar om sjølve arbeidet, ikkje om pausane og kor godt vi trivst på jobb med kollegaene våre. Det handlar først og fremst om korleis vi organiserer planlegg og gjennomfører sjølve arbeidet.
Det å trivast på jobb er veldig viktig, men det er ikkje det same som å ha eit godt og berekraftig arbeidsmiljø.

God trivsel, men høgt sjukefråvær
Til dømes er frisørar blant dei yrkesgruppene i Noreg som skårar høgast på jobbtrivsel og jobbengasjement. Statistikkane viser at dei trivst kjempegodt på jobben.
Samtidig, når vi ser på arbeidsmiljøet deira, så ser vi at dei har fleire utfordringar i arbeidet:
- arbeider med armane i ugunstige stillingar
- arbeider med hendene i vatn
- kjemiske eksponeringar frå ulike produkt
- må forhalde seg til kundar store delar av dagen
- står store delar av dagen
Og statistikkane viser at frisørar har høgt sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet – sjølv om dei trivst godt på jobb.
Kunnskap om sjukefråvær
Vi ser tydeleg i både nasjonale og internasjonale vitskaplege publikasjonar at det er fleire faktorar i arbeidsmiljøet som har noko å seie for sjukefråværet.
Ei kunnskapsoppsummering frå STAMI av all litteraturen på feltet, viser at spesielt opplevinga av låg kontroll eller låg sjølvråderett i jobben er ein risikofaktor for sjukefråvær. Her ser vi også at det er godt dokumentert at mekaniske eller ergonomiske arbeidsmiljøforhold som gjentakande rørsler og ugunstige arbeidsstillingar i rygg og nakke, aukar risikoen for sjukefråvær.
Les meir om sjukefråvær
Forskingsprosjekt
STAMI forskar på det ein blir utsett for i arbeidslivet, og sjukefråvær er ofte eit av utfalla. STAMI har fleire pågåande forskingsprosjekt som handlar om sjukefråvær i ulike yrke og næringar.
Nokre av prosjekta om sjukefråvær
Podkast: Vi snakkar om sjukefråvær
I podkasten Arbeidsmiljørådet snakkar vi med ekspertar om ulike arbeidsmiljøfaktorar.
#9 Kvifor er det viktig å ha kontroll på jobben?
1 av 4 i det norske arbeidslivet har lav grad av jobbkontroll. Det å ha kontroll over arbeidet er éin av faktorane i arbeidsmiljøet som har størst påverknad på sjukefråvær. Men korleis kan kontroll påverke helsa?
#8 Blir fleire sjukmeldte i kontorlandskap?
Over 60 prosent av folk som jobbar på kontor i Noreg, jobbar i kontorlandskap eller deler kontor med andre. Utforminga av kontoret kan påverke risiko for helseplager og sjukefråvær. Kva kan ein gjere med denne kunnskapen?