No er webinaret ferdig. Du kan sjå det i opptak på denne sida.
Arbeidsskadar er utbreidde blant arbeidstakarar i Noreg. Og det kostar. Ikkje berre kan det få alvorlege konsekvensar for helsa, livskvaliteten og arbeidsevna til den tilsette. Oslo Economics har estimert den årlege samfunnsøkonomiske kostnaden knytt til arbeidsrelatert sjukdom, skade, sjukefråvær og uføre til om lag 85 milliardar kroner.
Førebyggingspotensialet er med andre ord stort. Og god førebygging startar med kunnskap om kvar skadar oppstår i arbeidslivet, i tillegg til kva arbeidsmiljøet betyr for arbeidsskaderisiko.
I dette webinaret vil du mellom anna få svar på kor mange som skader seg på norske arbeidsplassar, kva yrke og næringar som hadde høgast førekomst og kva skadetypar som er mest vanleg i ulike næringar. STAMI-forskar Eirik Degerud skal også presentere arbeidsmiljøforhold som vi veit kan ha innverknad på arbeidsskadar.
Dette er viktig og konkret kunnskap du kan ta med tilbake til verksemda di når du og kollegaene dine skal vurdere korleis de organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet på arbeidsplassen din.