Det viser den årlege rapporten om ulykker i bygg- og anleggsbransjen, som er utarbeidd av Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Bygg- og anleggsbransjen er den bransjen i det norske arbeidslivet med flest registrerte arbeidsskadedødsfall frå 2012 til 2021. Det vart registrert ni arbeidsskadedødsfall i denne bransjen i 2021. Dette er det same talet som i 2019, medan det var åtte i 2020.

I 2021 vart det registrert 2978 arbeidsskadar i bransjen. Dette er 480 fleire enn i 2020, og det høgaste talet sidan 2016.

– Tala viser at ein framleis treng å jobbe med å redusere ulykker i bygg og anlegg. Etter nokre år med litt færre dødsfall har talet på døde i bygge- og anleggsprosjekt dei siste åra vore rundt ni, seier Hans Magne Gravseth, forskar ved STAMI.

Les heile rapporten her

Fallskadar er mest alvorleg

I årets rapport er det to spesialanalyser av fallskadar. Det er i denne kategorien det er registrert flest arbeidsskadar i 2021 (633).

Desse skadane er gjennomgåande meir alvorlege enn andre typar skadar. Dei skil seg også frå andre skadar ved at det er den eldste aldersgruppa som er mest utsett.

– Dette kan kome av at det er ekstra viktig med skjerpa sansar, som reaksjonsevne og balanse, for å unngå denne skadetypen. Hvis ein først fell, kan også konsekvensene bli større med alderen som følge av at ein tåler mindre, seier Gravseth.

Belastande arbeidsmiljø

Tal frå SSB gir også meir informasjon om kven som er meir eller mindre utsett for arbeidsskadar.

Mellombels tilsette har noko høgare førekomst av arbeidsskadar. Desse er også gjennomgåande tydeleg yngre enn dei fast tilsette. Risikoen aukar også med lengda på arbeidsveka, og det er høgare førekomst av skadar blant tilsette som arbeider skift.

Risiko for skadar er mindre med høgare utdanning, og særleg ufaglærte er utsett for skadar. Dette gjeld både for fallskadar og andre skadar.

– Det er også slik at dei som skader seg på jobb, har eit generelt meir belastande arbeidsmiljø enn dei som ikkje skader seg. Dette gjeld særleg at dei i større grad er utsette for ulike fysiske arbeidsmiljøforhold som kan bidra til auka skaderisiko, seier Gravseth.