Hjem Nyheter Appen 'Strømulykke' bidrar til meir kunns[...]

Appen 'Strømulykke' bidrar til meir kunnskap om straumskadar

Det er viktig å raskt søke medisinsk hjelp etter straumulykker, og i tillegg gi god informasjon til helsepersonell. Derfor har STAMI bidratt til appen 'Strømulykke', som raskt gir viktig informasjon og råd om helsehjelp, oppfølging og varsling når ulykker skjer.

Ifølge tal frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) blir om lag 3000 personar i Noreg råka av straumskader kvart år, og dei fleste av desse ulykkene skjer i arbeidssamanheng.

Straumulykker kan gi umiddelbare skadar, som brannskadar og hjartestans, og seinskadar i form av muskel- og skjelettplagar, psykiske lidingar og skadar på nervesystemet.

STAMI har deltatt i eit samarbeid med bransjeorganisasjonane og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap om å lage appen, som er til god hjelp ved straumulykker.

Straumulykke-appen er mykje brukt, med nesten 30.000 nedlastingar sidan den vart lansert i 2013. Appen blir automatisk oppdatert for alle som har lasta den ned. Det betyr at alle har den siste versjonen tilgjengeleg.

Nyttig å melde frå

Rapportering av ulykker til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap er nesten tidobla – frå rundt 50 ulykker årleg ved årtusenskiftet, til rundt 500 ulykker i dag.

− Appen kan ha bidratt til at ein i aukande grad har fått auga opp for at det å melde frå om ulykker. Ikkje berre fordi det er ein plikt, men også fordi det først og fremst er nyttig å melde frå. Både for at den enkelte skal få best mogleg helseoppfølging når ulykker skjer, og for bransjen og samfunnet, gjennom at ein får tilgang til kunnskap som kan gi betre grunnlag for forebygging av ulykker, seier Lars Goffeng, forskar på STAMI.

GPS-posisjonering

I den nye versjonen av straumulykke-appen er det no lagt inn GPS-posisjonering. Det gjer det lettare for naudetatane å finne fram dersom ei alvorlig ulykke skjer. Men det er fleire andre nye funksjonar.

− Vi har også gjort den meir brukarvenleg, basert på tilbakemeldingar frå brukarane. Når det gjeld innhaldet ellers, vil brukarane kjenne seg godt igjen i appen, seier Eirik Remo, fagsjef for HMS i Nelfo.

Nye råd for oppfølging

Tidsskrift for Den norske lægeforening publiserte nyleg nye råd for korleis helsevesenet bør følge opp ein som er utsett for ei straumulykke.

→ Anbefalinger for oppfølging etter strømgjennomgang

I appen er det lenka til dei nye råda slik at det skal vere enkelt å finne informasjon som helsevesenet treng for best mogleg behandling.

Appen er tilpassa for Apple- og Android-telefonar.

 

Her finn du appen 'Strømulykke'

Les kortrapport om oppfølging etter strømgjennnomgang

Få nyhetsbrev
Lukk