Er straumskader berre uflaks? STAMI-forskar Lars Ole Goffeng meiner at meir kunnskap kan førebygge straumskadar, og gjere det lettare å behandle dei på riktig måte.

Det er om lag 30-40.000 elektrikarar i Noreg, og det skjer om lag 3000 straumulykker kvart år. Over 500 av desse blir rapportert til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Ytterst få av desse er dødsulykker, men fleire blir i ulik grad skadde i straumulykker kvart år. Nokre helseutfall skjer med det same, medan andre kan vise seg først etter litt tid.

Det betyr at dei som er utsette for ulykker, eller som skal forholde seg til ein potensielt skadd person, bør kjenne til moglege helseutfall, og kva ein bør gjere.

Før 1. mars kan du melde deg på kurs om straumskader. Det kan du lese meir om her.

Avhengig av straum

– Samfunnet i dag blir stadig meir avhengig av straum. Heime, i transport, kommunikasjon, og i alle typar industri. Det er overalt, seier STAMI-forskar Lars Ole Goffeng.

Han forskar på straumskader i arbeidslivet og er ein av leiarane av kurset i Oslo i april.

Elektrisitet er ein rein, effektiv, usynleg energikjelde som må vere tilgjengeleg til alle tider. Derfor må ofte elektrikarar arbeide under krevjande og kompliserte arbeidstilhøve, for å passe på og halde ved like ein stabil forsyning av elektrisitet.

– Når arbeidstilhøva blir meir utfordrande er det avgjerande å ha kunnskap om korleis ein kan førebyggje ulykker der straum er involvert, seier Goffeng.

Ulike konsekvensar

Straumulykker kan skje berre med minimale skader, eller utan at nokon blir skadd. Men straumulykker kan også føre til alvorleg skade eller død.

– Det er derfor avgjerande å ha oversikt over korleis straum er ei kjelde til eksponering, og kva slags helseutfall slike eksponeringar kan ha. Det er også viktig å kjenne til akuttbehandling og helseoppfølging etter straumskader, seier forskaren.

Kurs i april

18. til 20. april arrangerer STAMI og NIVA kurs om førebygging, eksponering, behandling og oppfølging i samband med straumskader.

Dette kurset skal handle om strategiar for å førebygge straumskader, og om den nyaste utviklinga innan medisinsk behandling og oppfølging etter straumulykker.

– Vi tilrår dette kurset på det sterkaste. Det skal vere ein møteplass for å utveksle idear og kunnskap, for forskarar og klinikarar. I tillegg kan leiarar og tilsette i elektrobransjen dele erfaringar og den siste utviklinga i kunnskap om førebyggingsstrategiar og helseoppfølging når ulykker skjer, seier Goffeng.

Frist for å melde seg på kurset er 1. mars. Her finn du påmelding og meir informasjon om kurset.