Byggje- og anleggsverksemd er ei av dei mest ulykkesutsette næringane i det norske arbeidslivet, både med tanke på arbeidsskadedødsfall og arbeidsskadar.

Kvart år legg Arbeidstilsynet og Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) fram rapporten om ulykker i bygg- og anleggsbransjen.

I 2022 vart det registrert 2858 skadetilfelle i byggje- og anleggsverksemder. Dette representerer ein liten nedgang frå året før. Per 1000 sysselsette var det 9,8 skadetilfelle i 2022, og dette er det nest lågaste talet registrert sidan 2014.

– Førekomsten av melde arbeidsskadar har hatt ein svakt fallande tendens. Det var ein liten topp i 2021, men i 2022 fall talet igjen til det nest lågaste i ein serie som strekkjer seg tilbake til 2014, seier overlege ved STAMI, Hans Magne Gravseth.

Det er uklart om desse variasjonane kjem av endra meldemønster, eller om det representerer reelle endringar i skadeførekomsten.

Du kan lese heile rapporten her

Høgast skaderisiko for menn

Talet på arbeidsskadedødsfall har vore stabilt dei siste fire åra. Åtte arbeidstakarar i byggje- og anleggsverksemd omkom i arbeidsulykker i 2022. Dette er det same som i 2020, medan i 2021 og 2019 var talet på omkomne ni.

Tala viser generelt at det er høgast skaderisiko for unge menn, og ein analyse av alle arbeidsskadedødsfall frå 2017 til 2022 viser at alle dei omkomne var menn.

– Førekomsten av omkomne var høgast ved anleggsarbeid. Og dei to arbeidsoperasjonane som førte til flest dødsulykker, var opplasting eller flytting av anleggsmaskiner, anleggsutstyr eller køyretøy, og montering av bygningselement, seier Gravseth.

Halvparten av dei som omkom i denne perioden jobba åleine då ulykka skjedde.

Les også: I disse næringene er det flest arbeidsskader

Fire utsette arbeidsoperasjonar

I tillegg til desse overordna tala, inneheld rapporten nokre analysar av arbeidsulykker og dødsfall. STAMI-overlegen har samla inn informasjon om skadetilfelle ved Oslo legevakt, der dei skadde var sysselsett i byggje- og anleggsnæringa.

Også i denne analysen er det unge menn som har høgast skaderisiko, og 39 prosent av dei skadde hadde jobba eitt år eller mindre i verksemda. Analysen viser også at førekomsten av skadar aukar utover i arbeidsskiftet.

Det var fire arbeidsoperasjonar som peika seg ut: arbeid med handverktøy eller lett utstyr, gange eller anna flytting (inkludert stige, trapp og liknande), manuell løfting, bæring, lasting, lossing og arbeid med maskinelt utstyr.

– Dei som er fødde i utlandet hadde i overkant av dobbelt så høg skaderisiko som dei som er fødde i Noreg. Det var litt meir alvorlege skadar blant dei utanlandske, og dei hadde også gjennomgåande kortare fartstid i bedrifta, seier Gravseth.

Andelen ufaglærte (utanom lærlingar) var noko høgare blant utanlandske arbeidarar enn blant norske.

Straumulykker

I analysen av arbeidsskadar i bygg- og anleggsbransjen, behandla på Oslo legevakt, ser vi at straumgjennomgang var den nest hyppigaste ulykkestypen, etter fallulykker. Ein annan arbeidsskadestudie viser at elektrikarar og elektronikarar var yrkesgruppa som var hyppigast skadd, framfor tømrarar og snikkarar.

– Lenge har straumulykker vore konsekvent underrapportert. På 1990-talet vart rundt 50 straumulykker i året meldt til det dåverande Elektrisitetstilsynet. Men utrekningar har heile tida peika i retning av at den reelle førekomsten kan vere så høg som 3000 ulykker i året på landsbasis, seier STAMI-forskar Lars Ole Goffeng, som er ansvarleg for kapittelet om straumulykker i rapporten.

Frå 2010 vart det mogleg å melde inn ulykker via internett. Sidan 2013 har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gitt høve til å rapportere ulykker gjennom ein app, i tillegg til informasjon om straumulykker.

I perioden 2010 til 2021 er talet på innmelde straumulykker årleg nesten tredobla, frå om lag 200 til nesten 600. Det reelle talet på straumulykker er framleis venta å vere rundt 3000 i året.