Du kan abonnere på STAMIs podkastar i din podkast-app. Du kan også spele av podkasten her på denne sida, eller hos Spotify, Youtube Music og Apple.

Ein stor og aukande del av sjukefråværet i det norske arbeidslivet kjem av psykiske plager og sjukdommar. Dette er ei av dei viktigaste årsakene til sjukefråvær i fleire yrke og næringar.

Utviklinga har vore tydelegast blant den yngre halvdelen av dei sysselsette.

Derfor er det fleire som spør om det er noko særleg sårbart ved dagens unge. Bør ein ta ekstra omsyn til psykisk helse når dei yngste skal inn i arbeidslivet?

Eirik Degerud og kollegaane hans ved STAMI har laga ei kunnskapsoppsummering om unge i arbeidslivet og psykisk helse. I denne podkastepisoden snakkar han om nokre av funna i dette arbeidet.

Sjukefråvær på grunn psykiske helseproblem har dei siste åra auka i alle aldersgrupper. Men dei yngste har hatt størst auke i psykiske plager som er relatert til arbeidet, viser Nasjonal statistikk om arbeidsmiljø.

Eit viktig poeng i kunnskapsoppsummeringa er at unge er overrepresentert i bransjar der arbeidet ofte er emosjonelt belastande. Til dømes i servering, arbeid i butikk, eller ulike typar arbeid i helsesektoren.

Derfor er det lurt å vere merksam på arbeidsmiljøet til dei unge, og ikkje berre alder.

Les meir om dette temaet