Hjem Nyheter Utfordringar unge møter på jobb handlar m[...]

Utfordringar unge møter på jobb handlar meir om arbeidet enn alder

Overgangen til fullt arbeid kan vere tøff for mange. Unge i arbeidslivet har ofte arbeidsoppgåver som er emosjonelt krevjande, og kan ha større risiko for psykiske plager.

For mange unge markerer den første tida i arbeidslivet starten på ein ny fase i livet. Dei skal handtere nye roller, ansvar og forventninger samtidig som dei skal finne sin plass i arbeidsfellesskapen.

I ein ny rapport samanfattar STAMI forsking om arbeidsmiljø og psykisk helse blant unge arbeidstakarar, og skildrar korleis unge har det i norsk arbeidsliv i dag.

– Det vi veit om arbeidsmiljø og helse i den generelle yrkesbefolkninga ser også ut til å gjelde for unge arbeidstakarar. Utfordringane følgjer først og fremst arbeidsoppgåvene, og ikkje alderen i seg sjølv, seier forskar Dagny Adriaenssen Johannessen ved STAMI, som har arbeidd med rapporten.

Kjensler på jobb

Eit av dei tydelegaste funna er at unge arbeidstakarar oftare enn eldre jobbar i yrke med mykje kontakt med kundar, pasientar, elevar eller brukarar. Dermed utfører dei også meir av det forskarane kallar emosjonelt arbeid.

Dette gjeld i høg grad for dei aller yngste arbeidstakarane som kombinerer skule og utdanning med jobb.

Emosjonelt arbeid betyr at ein må handtere andre sine kjensler som ein del av jobben, samtidig som ein må kontrollere sine eigne.

Eksempel på emosjonelt arbeid kan vere:

  • ein butikktilsett som hjelper ein krevjande kunde
  • ein helsefagarbeidar som trøystar ein pårørande
  • ein lærar som handterer frustrerte elevar

Rapporten viser også at unge oftare opplever konfliktar med kundar og brukarar, og uønskte hendingar som hets, truslar og uønskt seksuell merksemd.

– Når jobben inneber å handtere andre sine kjensler, konfliktar, og krevjande situasjonar, er det viktig at tilsette får opplæring og oppfølging på arbeidsplassen til å handtere dette, seier forskar Eirik Degerud ved STAMI.

Overveldande overgang

For mange kjem dei største utfordringane når ein stig inn i arbeidslivet for fullt. Det skjer gjerne først når ein har kome litt opp i tjueåra og har fullført utdanning.

Forskarane fann at unge ofte skildrar denne overgangen som overveldande. I forskinga bruker ein omgrepet praksissjokk, som først og fremst handlar om møtet med krava, belastninga og ansvaret i jobben.

Praksissjokk kan også innebere opplevinga av at arbeidslivet ikkje alltid stemmer med forventingane ein har bygd opp gjennom utdanningsløpet.

– Konflikten mellom forventningar og realiteten i arbeidskvardagen er eit døme på ein rollekonflikt, som vi frå forsking i den generelle yrkesbefolkninga veit kan vere krevjande å stå i, forklarer Johannessen

Forskinga på praksissjokk og overgangen kjem hovudsakleg frå profesjonsyrke innanfor helse, undervisning og sosialt arbeid. Men mekanismane er relevante for mange unge som byrjari sin første ordentlege jobb.

Ein god overgang er viktig for alle

Forskarane bak rapporten understrekar at ein god overgang til arbeidslivet er viktig for alle, uavhengig av alder. Mange unge har nytte av tett oppfølging i starten, både for å handtere arbeidsoppgåvene og andre utfordringar som følgjer med det å etablere seg i arbeidslivet.

I rapporten peikar forskarane på at mentorordningar, rettleiing og sosial støtte kan bidra til auka tryggleik, meistring og mindre stress i overgangen frå utdanning til arbeid.

Samtidig manglar det eit godt forskingsgrunnlag om verknaden av slike ordningar for unge arbeidstakarar i overgangen til arbeidslivet.

Må sette oppfølging i system

Utfordringane i det psykososiale arbeidsmiljøet og det organisatoriske arbeidsmiljøet kan vere fleire og meir komplekse når unge arbeidstakarar kjem inn i arbeidslivet for fullt.

– Det kan vere lurt å prioritere å følgje opp arbeidsmiljøforhold som er risikofaktorar for psykisk helse, og relevante for jobben, påpeikar Degerud.

Forskarane meiner at verksemder bør ha eit system for korleis dei tek imot og følgjer opp nye medarbeidarar, uavhengig av alderen deira. Og så er det lurt å konsentrere seg om dei arbeidsmiljøforholda som gjeld på den gitte arbeidsplassen.

Vi veit framleis for lite

Det er godt dokumentert at arbeidsmiljøet er viktig for psykisk helse i samfunnet. Men funn i rapporten viser at det var lite forsking som spesifikt undersøker unge arbeidstakarar.

Det gjer at ein ikkje kan avgjere om det er verre for ein ung arbeidstakar å vere utsett for krevjande hendingar og belastningar, samanlikna med eldre arbeidstakarar.

– Vi treng fleire studiar av høg kvalitet som undersøkjer unge arbeidstakarar spesifikt. Særleg bør vi forske meir på arbeidsmiljøforhold som mange unge faktisk møter i kvardagen, og på kva arbeidsmiljøtiltak som verkar, seier Degerud.

Hva bør arbeidsplasser være oppmerksomme på når unge starter i jobb?

På bakgrunn av rapporten om unge sysselsette i norsk arbeidsliv, kan vi løfte fram nokre forhold som kan vere viktige å ha med seg i det vidare:

  • Vere klar over at overgangen til arbeidslivet kan opplevast som utfordrande for mange unge, uavhengig av alder, utdanningsnivå og type jobb.
  • Gi alle unge arbeidstakarar ei god innføring i arbeidsoppgåver og tett oppfølging. Dette kan bidra til at dei handterer krava og overgangen betre.
  • Prioritere oppfølging av arbeidsmiljøforhold som er risikofaktorar for psykisk helse og relevante for jobben. Oppfølginga bør også gi støtte til håndtereandringen av andre utfordrande aspekt ved overgangen til arbeidslivet.
  • Sette oppfølginga i system på arbeidsplassen heller enn at han blir sett i verk tilfeldig eller blir basert på individuelle vurderinga.

 

Les rapporten

Få nyhetsbrev
Lukk