Det finst mange mytar om arbeidsmiljø. Arbeidsmiljø handlar først og fremst om sjølve arbeidet – korleis oppgåvene er organiserte og fordelte, om roller og forventningar er tydelege, og om tilsette får støtte og moglegheit til å påverke arbeidshverdagen sin.

Korleis vi opplever arbeidet og samspelet med andre, påverkar helsa vår – både positivt og negativt.

Rydde opp i misforståingar

STAMI og eit samla norsk arbeidsliv samarbeider om ein kampanje for å opplyse om misforståingar og fakta om psykososialt arbeidsmiljø.

Her trekkjer vi fram mytar om psykososialt arbeidsmiljø og forklarar kvifor dei ikkje stemmer med den forskingsbaserte kunnskapen vi har om arbeidsmiljø.

I kampanjen svarer vi på tre mytar, som døme på misforståingar som finst i arbeidslivet.

Tre mytar

  • «Psykososialt arbeidsmiljø sit i hovudet til den enkelte.»
  • «Eit godt psykososialt arbeidsmiljø handlar om å skape robuste arbeidstakarar.»
  • «Det er berre leiaren som kan gjere noko med det psykososiale arbeidsmiljøet.»

Vanskelegare å måle

Arbeidsmiljølova krev at det psykososiale arbeidsmiljøet i verksemda skal vere fullt forsvarleg. Dette er arbeidsgjevaren sitt ansvar. Det betyr at arbeidstakarane ikkje skal bli sjuke eller skadde av forhold i det psykososiale arbeidsmiljøet. Verksemda må arbeide systematisk for å handtere risiko og førebyggje uheldige belastningar.

Men då er det avgjerande at verksemder forstår kva det psykososiale arbeidsmiljøet er.

For mange er det vanskelegare å lage treffsikre tiltak som kan styrke det psykososiale arbeidsmiljøet, enn for det fysiske arbeidsmiljøet.

– Fysisk arbeidsmiljø er lettare å måle, for det er objektivt og observerbart. Men når ein skal kartleggje det psykososiale arbeidsmiljøet, må ein få tilbakemelding frå tilsette om korleis dei opplever arbeidsmiljøet. Og det er nok her det kan oppstå nokre mytar, seier Monica Seem, avdelingsdirektør for kunnskap og regelverk i Arbeidstilsynet.

Tiltak som virkar

– Utfordringar med psykososialt arbeidsmiljø er utbreidde. Til dømes opplever om lag 20 prosent av sysselsette høge emosjonelle krav på jobb, seier STAMI-direktør Therese Hanvold.

Psykososiale belastningar i arbeidsmiljøet kan bidra til å føre til psykiske helseplager. Rundt 15 prosent av langtidsfråværet kan tilskrivast psykososiale arbeidsmiljøforhold på jobben. Ein kan difor òg seie at det er mogleg å redusere 15 prosent av sjukefråværet om ein kan førebyggje desse forholda.

– Arbeid kan bidra til god helse, dersom ein har eit godt arbeidsmiljø. Har ein kartlagt kva for psykososiale utfordringar ein har i si verksemd, kan ein innføre tiltak som verkar. Då har ein gode føresetnader for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø, seier Hanvold.

Å kartleggje risikofaktorane og å bli samde om gode tiltak som kan styrkje arbeidsmiljøet, er ein god start. I tillegg treng verksemder å skape ein systematikk i å vurdere risiko, lage treffsikre tiltak som kan førebyggje risiko, og evaluere tiltaka, gjentekne gonger. Utfordringane kan endre seg over tid, og då treng ein òg å endre tiltaka.