Hjem Nyheter Når kollegaer mistar jobben, kan det gå u[...]

Når kollegaer mistar jobben, kan det gå utover helsa di

Arbeidsplassen din nedbemannar, men du får bli i jobben. Ei letting, sjølvsagt, men no viser ny forsking at tilsette som får bli, kan ha auka risiko for psykiske plager.

– Nedbemanning påverkar ikkje berre dei som mistar jobben, men òg dei som blir att, seier STAMI-forskaren Eirik Degerud.

Saman med kollegaer ved STAMI står han bak ein ny studie som gir ny kunnskap om kva konsekvensar nedbemanning kan ha for trivsel og psykisk helse hos tilsette som held fram i jobben.

Negativ effekt på psykisk helse

Mange tidlegare studiar peikar i retning av at nedbemanning og omorganisering, som ofte skjer samtidig, kan ha ein negativ effekt på psykisk helse.

Degerud meiner fleire mekanismar kan forklare kvifor.

– Prosessen med å miste kollegaer kan i seg sjølv vere belastande. I tillegg kan mange oppleve nedbemanning som ein trussel, og det kan skape uvisse om eiga framtid i jobben. Det kan igjen påverke psykisk helse, seier han.

Belastninga kan òg auke dersom nedbemanning og omorganisering fører til ei endring i krava til den tilsette. Til dømes i form av større arbeidsmengde eller nye arbeidsoppgåver.

Forskarane har brukt data frå ei stor undersøking av norske arbeidstakarar og følgt dei over fleire år. Dei fann at tilsette som hadde vore gjennom nedbemanning hadde om lag 57 prosent høgare risiko for å utvikle psykiske plager, samanlikna med tilsette som ikkje hadde opplevd dette.

Nærleik til nedbemanninga betyr mykje

Det er særleg dei som opplever nedbemanning tett på sin eigen arbeidskvardag som blir ramma.

Risikoen var høgst blant tilsette som miste kollegaer i si eiga avdeling. For dei som opplevde nedbemanning i andre delar av verksemda, var risikoen lågare og ikkje tydeleg ulik frå dei som ikkje opplevde nedbemanning.

– Dette synest eg er eit viktig funn som òg verkar logisk ut frå korleis ein tenkjer på ei eksponering. At dei som er nær hendinga, blir påverka meir, medan dei som er lenger unna, blir påverka i mindre grad, seier Degerud.

Dårleg informasjon kan femdoble risikoen

Eitt av dei mest oppsiktsvekkjande funna i studien handlar om korleis nedbemanninga blir gjennomført.

Dei som opplevde nedbemanning i eiga avdeling, blei vidare delte inn etter korleis dei opplevde nedbemanninga. Tilsette som opplevde dårleg informasjon, lite involvering og lite støtte under prosessen, hadde betydeleg høgare risiko for psykiske plager enn dei som ikkje opplevde nedbemanning i det heile. Faktisk opp til fem gonger høgare risiko.

Dei tilsette som opplevde prosessen som godt handtert, hadde derimot ein lågare risiko som ikkje var tydeleg ulik frå dei som ikkje opplevde nedbemanning.

– I tillegg til nærleik til hendinga kan måten nedbemanning blir gjennomført på og opplevd på ha stor tyding for helsa til dei tilsette. Det meiner eg er den mest konstruktive tolkinga av det tala viser, sjølv om ein aldri kan utelukke andre forklaringar, seier Degerud.

Leiing kan førebyggje problem

Degerud peikar på at nedbemanning òg kan føre til positive endringar i arbeidsforholda, som nye oppgåver, moglegheiter og ansvar.

Dessutan framhevar studien gode grep for å dempe risikoen for psykiske plager.

– Resultata våre tyder på at verksemder kan gjere mykje for å dempe dei negative konsekvensane gjennom god leiing og god kommunikasjon, og ved å prioritere dette for dei tilsette som er nær hendinga i organisasjonen. God informasjon, reell medverknad og støtte til tilsette kan truleg redusere risikoen betydeleg, seier Degerud.

Les vitskapeleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk