Hjem Nyheter Ny doktorgrad: Psykologiske arbeidsforhol[...]

Ny doktorgrad: Psykologiske arbeidsforhold som bidreg til uførheit

10 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år er uføretrygda. Ei ny doktoravhandling ved STAMI har peika ut dei viktigaste enkeltfaktorane som påverkar arbeidsevne og risiko for uførheit.

I sin avhandling har Jan Shahid Emberland og medarbeidarar studert eit breitt spekter av psykososiale arbeidsforhold med mål om å finne dei viktigaste enkeltfaktorane som påverkar arbeidsevne og øker risikoen for å bli uføretrygda. Over 12 400 norske arbeidstakarar frå 96 verksemder deltok i studien.

Rollekonflikt, positive utfordringar, team og leiing

I dei tre studiane som inngår i avhandlinga skilte rollekonfliktar og positive utfordringar i jobben seg ut som dei viktigaste faktorane. Rollekonflikt handlar om stadig å måtte velje mellom mål eller oppgåver i jobben som er motstridande. Slike hendingar viste tydeleg å auke risikoen for seinare uførheit.

Positive utfordringar derimot, altså i kva grad kompetansen til arbeidstakarar er nyttig i jobben, og kva grad jobben er meiningsfull for arbeidstakarar, peikte seg ut som viktig for unngå uførheit på sikt. Også eit støttande og godt arbeidsklima i «team» viste seg å ha betydning for å unngå sviktande deltaking i arbeidslivet.

Noko overraskande var at støtte frå leiar ikkje var like viktig. Andre aspekt ved leiing hadde likevel stor betydning. Både rettferdig leiing, og leiing som aktivt fremmar utvikling av medarbaidarar og at ein får delta i avgjerder, var faktorar som bidrog til stabil og god arbeidsevne blant arbeidstakarane i studiane.

Unngå samlebegrepet «jobbstress»

Tidlegare forsking på uførheit har i liten grad undersøkt spesifikke jobbfaktorar kvar for seg. Ofte har ein heller undersøkt negative konsekvensar av «jobbstress» – ei samling av til dels svært ulike arbeidsforhold. Tiltak retta mot klart avgrensa og spesifikke arbeidsmiljøfaktorar som blant anna rollekonfliktar, kan vise seg meir effektive for å fremme tilsette si helse og evne til å stå i jobb, enn forsøk på å redusere «stress på jobben» generelt.

 

Master i psykologi Jan Shahid Emberland forsvarte sin doktorgradavhandling «Contribution of occupational psychological and social factors to low work ability and disability retirement» ved STAMI 19. juni 2019.

Vitskaplege publikasjonar

Få nyhetsbrev
Lukk