Bygg og anlegg er blant næringane i det norske arbeidslivet som er mest utsett for ulykker. Her er det høgare førekomst av ulykker enn i arbeidslivet samla sett, og arbeidsskadedødsfall har skjedd kvart år.
I 2024 og 2025 omkom to personar på jobb i bygg- og anleggsverksemd kvart av åra. Dette er dei lågaste tala i siste tiårsperiode.
Unge menn er overrepresentert
I 2024 vart det registrert 3902 arbeidsskadar i bygg og anlegg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Statistikken viser at dei yngste arbeidstakarane i næringa, det vil seie dei under 25 er overrepresenterte, både kvinner og menn.
– Éi forklaring på dette kan vere at dei yngste arbeidstakarane har mindre erfaring, og gjer ofte dei mest ulykkesbelasta arbeidsoppgåvene. I mange yrke kjem ein gjerne over i mindre ulykkesbelasta jobbar når ein blir noko eldre, seier Hans Magne Gravseth, overlege ved STAMI, og medforfattar av rapporten.
→ Les meir om unge arbeidstakarar sine utfordringar i arbeidslivet generelt
I tillegg til den yngste aldersgruppa, er det ein markant kjønnsskilnad i dei registrerte arbeidsskadane:
- 95 prosent av arbeidsskadane i 2024 gjeld menn. Bransjen er mannsdominert, noko som delvis forklarer dette
- Menn og kvinner har ofte ulike yrke, og gjer ofte ulik type , og dette kan også påverke ulykkesrisiko
- I snitt er menn i bransjen dobbelt så utsette for ulykker som kvinner
Yrkesgrupper nyanserer bildet
Rapporten presenterer for første gong ulykkesstatistikk for yrket handverkarar, som er ei av dei største yrkesgruppene i næringa.
Statistikken for handverkarar viser at risikoen for at kvinnelege handverkarar blir skadde, berre er marginalt mindre enn den er for menn. Dette viser at mannlege og kvinnelege handverkarar er omtrent like utsette for arbeidsulykker.
Kvinner i byggje- og anleggsverksemder som ikkje er handverkarar, har mindre skadeutsette yrke enn menn, til dømes kontoryrke eller reinhaldsarbeidarar.
Vanlege utfordringar i arbeidsmiljøet
Samanlikna med gjennomsnittet for alle næringar i det norske arbeidslivet rapporterer byggje- og anleggsarbeidarar om høgare førekomst av:
- armvibrasjonar
- sterk støy
- innanding av ulike typar støv, røyk og kjemikaliar
- hudkontakt med oljer og avfeittingsmidlar
- arbeid med hender over skulderhøgd
- tungt fysisk arbeid
I tillegg er det også ein høgare del enn gjennomsnittet som vurderer risikoen for å bli utsett for ei arbeidsulykke som middels eller stor.
Vanlege helseplager
Denne lista med utfordringar gir større risiko for ei rekkje helseplager.
Sysselsette innanfor byggje- og anleggsverksemd rapporterer høgare førekomst av helseplager, samanlikna med gjennomsnittet for alle sysselsette.
Desse helseplagene er ryggsmerter og armsmerter, luftvegsplager, nedsett høyrsel, og arbeidsskadar med fråvær.
Derfor er det avgjerande å vidareutvikle arbeidet med å førebyggje ulykker og skader.
Om rapporten
Rapporten «Kompass: Ulykker i bygg og anlegg – rapport 2025» gir ein kort omtale av arbeidsskadedødsfall i bygg og anlegg i 2024 og 2025 og utviklinga av arbeidsskadedødsfall i næringa dei siste ti år. Rapporten inneheld også ei beskriving av arbeidsskadar i same næring rapportert frå arbeidsgivar til Nav i 2024, og dessutan ei utvikling på dette området dei siste elleve år.
Les rapporten her