
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på jobben kan skape uro og frustrasjon. Særleg når verksemder innfører nye verktøy og system som dei tilsette skal bruke for å kunne gjennomføre arbeidet.
Dersom tilsette kan ha vanskar med å forstå nye digitale verktøy, eller det er svakheiter ved desse verktøya, kan det føre til forstyrringar som gjer at arbeidsdagen blir mindre forutsigbar.
Summen av mange små digitale problem i løpet av ein arbeidsdag kan bidra til teknostress, som over tid kan påverke helsa til dei som opplever det.
Mange små hindringar
Kvar enkelt episode med tekniske problem og hindringar i arbeidet kan ein kanskje oppleve som ganske ubetydeleg. Slike episodar kan ein derfor kalle for mikrostressorar.
Men dersom det stadig gjentar seg, og kanskje til og med dominerer arbeidet, kan det til slutt få konsekvensar for helsa.
Likevel har ikkje tidlegare studiar undersøkt korleis utfordringar med nye digitale verktøy kan påverke sjukefråværet.
– Derfor har vi undersøkt «IKT-hindringar», tekniske problem som hindrar at ein får gjort arbeidsoppgåvene sine på ein ordentleg måte. Og vi har undersøkt kva effektar desse hindringane kan ha på kort, middels og langt sjukefråvær på grunn av psykiske diagnosar, seier Jan Olav Christensen, som forskar på psykososialt arbeidsmiljø på STAMI.
Dette er teknostress
Teknostress er eit omgrep som skildrar ulike belastningar arbeidstakarar kan oppleve når ein jobbar med digital teknologi. Dette kan til dømes komme av at:
- arbeidstakar opplever å ha mindre kontroll over arbeidet
- teknologien ikkje fungerer som han skal, som kan føre til avbrytingar og hindringar i arbeidet
- arbeidsoppgåvene blir meir komplekse
- arbeidsbyrda aukar, fordi ein stadig må lære seg nye verktøy og oppgåver
- arbeidstakar er usikker på eigen teknologisk kompetanse, eller fryktar å bli erstatta av teknologiske nyvinningar
Spørjeskjema og registerdata
For å finne ut korleis datatrøbbel kan påverke helsa, har dei brukt data frå arbeidsmiljøkartlegginga ‘Den nye arbeidsplassen’, som STAMI tidlegare har gjennomført, med svar frå tilsette i 96 verksemder.
Her har tilsette svart på spørsmål om sitt eige arbeidsmiljø, mellom anna om ‘kor ofte ein opplever å ikkje kunne arbeide, på grunn av tekniske problem’. Undersøkinga ga også opplysningar om arbeidsmengd og tidspress, kontroll over avgjerder i arbeidet, og støtte og opplæring i arbeidet.
Desse opplysningane har dei sett i samanheng med registerdata om legemeldt sjukefråvær, med psykiske diagnosar. Til saman var det over 8500 respondentar i datagrunnlaget.
Opplæring og støtte er avgjerande
Undersøkingane viste at det å stadig oppleve tekniske problem med IKT i arbeidskvardagen, har samanheng med ein større risiko for sjukefråvær.
Samtidig fann Christensen og kollegaane at dei som har fått teknisk støtte og god opplæring hadde lavere risiko for sjukefråvær. Dette gjaldt uavhengig av kva slags krav og kontroll dei har i sitt arbeid.
God opplæring gjer at tilsette er betre i stand til å bruke nye teknologiske verktøy meir effektivt. Opplæringa gir dei tilsette sjølvtillit i møte med oppgåver, og gjer det lettare å sjølv løyse utfordringar som oppstår.
Men for at IKT-støtte og opplæring skal ha ein positiv effekt, må ein vere tidleg ute med desse tiltaka.
– Sjølv om IKT-problem kan skape større risiko for sjukefråvær, medan teknologisk støtte og opplæring forhindrar det, er det kanskje ikkje er nok å tilby støtte etter at problem har oppstått. Dette tyder på at det er mest effektivt å førebygge at tekniske problem kan oppstå, ved å tilby opplæring samtidig som ein innfører nye teknologiske system og verktøy, seier Christensen.
For å kunne få endå meir kunnskap om korleis teknologiske utfordringar kan påverke helse, sjukefråvær og evna til å arbeide effektivt, skal STAMI gjennomføre nye studier om dette temaet framover.