På eit webinar 30. september 2021 diskuterte han mellom anna tydninga av inkludering, sysselsetting, tillit og autonomi saman med Trygve Svensson frå Agenda, Kristin Clemet frå Civita og Even Bolstad frå HR Norge. Svein Tore Bergestuen leia samtalen.

Vanskeleg å inkludere på heimekontoret

I si innleiing peikte Molander på at dersom Norge skal kunne oppretthalde gode velferdsordningar og -tenester også i framtida, må vi ha eit arbeidsliv som inkluderer flest mogleg. I tidlegare debattar har enkelte meint at arbeidstakarar med til dømes sosial angst kan oppleve det som positivt å jobbe frå heimekontor, men dette standpunktet stilte Molander spørjeteikn ved.

– Dei som er sårbare, treng tvert imot sosial støtte, tett oppfølging og gode arbeidsmiljø. Det er det ikkje lett å få til viss dei sit på heimekontor.

Også Kristin Clemet tviler på om meir bruk av heimekontor kan gi meir inkludering.

– Eit arbeidsliv som i meir varierande grad ventar oppmøte på arbeidsplassen kan kanskje bidra positivt. Samstundes vil dette stille store krav til god og tilpassa leiing, understreka ho.
Even Bolstad meiner at koronaperioden har gitt oss mange positive erfaringar knytt til bruk av heimekontor, men også han åtvara mot å hamne i «heimekontorgrøfta» der fjernarbeid blir sett på som ei løysing som passar alle.

– Mange har til dømes jobben som ein viktig meistringsarena, i tillegg til at det er ein stad å møte kollegaar og få sosial kontakt. For dei er det å sitte på heimekontor beintøft, sa han.

Balanse mellom tillit og krav

Norsk arbeidsliv er prega av tillit og autonomi. Dette er verdiar paneldeltakarane var einige om at vi må ta vare på også i framtida.

Trygve Svensson trakk fram den høge organiseringsgraden som ein viktig årsak til denne tilliten. Han ga uttrykk for verdien i «konfliktpartnerskapet», det vil seie at partane i arbeidslivet har respekt og forståing for kvarandre sine roller, verdset interessemotsetningar og klarer å handtere usemje.

– Faktisk meiner eg at «konfliktpartnerskap» er det vakraste ordet i norsk arbeidsliv, sa han.

Samtidig peikte han på at framveksten av nye verksemder som Foodora og Uber, der dei tilsette har laus tilknyting til sin arbeidsgjevar, viser at arbeidstakarorganisasjonane langt frå har utspelt si rolle.

Også Kristin Clemet trakk fram at den gode dialogen mellom arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida er viktig.

– Vi kunne faktisk ha kalla vårt arbeidsliv for eit samarbeidsliv, for det er så god samhandling mellom partane. God leiing inneber å ta vare på denne samhandlinga også i åra som kjem. Samstundes kan vi ikkje ha blind tillit, sa ho.

Her fekk Clemet støtte av Molander, som ga uttrykk for at det kan vere lett for tilsette å gløyme at det finst andre som treng oss på arbeidsplassen, både sosialt og med tanke på indirekte og direkte læring og kompetanseheving. Difor er det betre å heimekontor nokre dagar i veka enn i lengre periodar av gongen.

– For å oppsummere kan ein seie at ein passande dose heimekontor, dersom det er frivillig og tilpassa arbeidet, og dessutan byggjer på samhandling mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, er av det gode, avslutta Molander.