I podkasten Arbeidsmiljørådet inviterer STAMI forskarar til å leggje dei vitskapelege formuleringane på hylla for å diskutere arbeidsmiljøutfordringar med andre, samfunnsengasjerte gjester.

Du kan abonnere på Arbeidsmiljørådet i din podkast-app. Du kan også spele av podkasten i ruta over her, eller hos Spotify, Google, Apple og Anchor.

I første episode er tema heimekontor. Under koronapandemien har heimekontoret gått frå å vere ein slags “gøymestad” på fredagar til å bli staden der mange gjer storparten av arbeidet. Men kor godt passar slike fjernarbeidsordningar i ulike bransjar, og korleis påverkar dei arbeidstakarane og arbeidsplassane?

Gjestene som diskuterer desse og andre spørsmål, er Even Bolstad, dagleg leiar i HR Norge, og Cecilie Asker, kulturredaktør i Aftenposten. Ved bordet sit også STAMI-direktør Pål Molander og STAMI-forskar Jan Olav Christensen. Programleiar er Svein Tore Bergestuen.

Her kan du sjå utvalde delar av episoden:

Vil gjere kunnskapen meir tilgjengeleg

Kommunikasjonsdirektør i STAMI, Sture Rolfheim-Bye, fortel at målet med podkasten er å gjere oppdatert kunnskap om arbeidsmiljø og helse lettare tilgjengeleg for folk flest.

– Vi veit at dette er tema som engasjerer mange, og det er ikkje så rart: Alle som har ein jobb, har jo også eit eller anna arbeidsmiljø, seier han.

Rolfheim-Bye peikar på at norske verksemder er i verdstoppen på arbeidsmiljø. Likevel er arbeidsmiljøet ein undervurdert årsak til at folk blir sjuke eller faller ut av arbeidslivet.

– Det ligg eit potensial der til å jobbe endå betre med arbeidsmiljø. Samtidig sit STAMI med masse viten om samanhengane mellom arbeid og helse, og om kva som verker eller ikkje verker på arbeidsmiljøområdet. Utfordringa er at mykje av denne kunnskapen har ei form og språkdrakt som ein må høyre til fagmiljøa for å få noko ut av. Vi ønsker å nå breiare ut med forskinga vår, og denne podkasten er eit av fleire grep vi no tar i den samanheng, avsluttar han.