
Steinstøv av typen respirabel krystallinsk silika er ei utbreidd eksponering i arbeid i bygg og anlegg. I Noreg er det kvarts som er det mest vanlege mineralet av desse.
Dette er ein vanleg risikofaktor i arbeid over heile verda, og forårsakar lungesjukdommar som silikose og lungekreft, og truleg også autoimmune sjukdommar som leddgikt.
→ Her finn du meir informasjon og påmelding til kurset
Strengare regelverk
Merete Bugge er avdelingsoverlege på STAMI og er kursleiar for dette kurset. Ho har lenge forska på eksponeringar for støv og partiklar, som silisiumkarbid, asbest og kvarts.
Ho meiner at ein ikkje kan slå seg til ro med kunnskapen ein har i dag.
– Trass i at det har blitt strengare regelverk, er kvarts og liknande støv framleis ei viktig årsak til arbeidsrelaterte dødsfall. Derfor er det avgjerande for tryggleiken i denne typen arbeid å oppdatere kunnskapen om desse eksponeringane i arbeidet, seier Bugge, som er kursleiar for dette kurset.
I Noreg er kvarts vanleg i anleggsarbeid, som vegbygging og tunneldriving. Nyare studiar viser at sjølv eksponeringsnivå som tidlegare var definert som sikre, faktisk er risikabelt og kan føre til helseproblem som kreft og kols.
Denne kunnskapen førte til at grenseverdien for yrkeseksponering blei satt ned til det halve i 2021.
Nyttig kurs
12. til 14. mai arrangerer STAMI kurs om desse eksponeringane. Det er NIVA (Nordisk institusjon for vidareutdanning innan arbeidsmiljøområdet) som er vertskap for dette kurset.
Bugge meiner det er særs viktig å forstå denne problemstillinga i 2025, og derfor er det nyttig å delta på slike kurs, med deltakarar frå fleire nordiske land. Kurset foregår på engelsk.
– Kurset skal gi ei oversikt over historikk, helseeffektar, og moglege mekanismar for sjukdom, etterfølgd av ulike eksponeringssituasjonar. Det skal også handle om førebyggjande tiltak, regelverk og forsking, seier Bugge.
Målgruppene for dette kurset er forskarar, yrkeshygienikarar, legar i arbeidsmedisin, bedriftshelsespesialistar frå ulike fagfelt, og arbeidstilsynet.
Bugge håper at deltakarane får ny kunnskap og deler erfaringane sine på feltet.