Når ein knuser og behandlar stein frå fjell, blir det danna støv som kan innehalde kvarts.
Dei minste støvpartiklane, såkalla respirabelt støv, kan trenge djupt ned i lungene og gi alvorlege sjukdommar som silikose, KOLS og lungekreft.
– Vi veit at kvarts kan vere helsefarleg, men det har vore for lite målingar med omsyn til kvartsinnhald i støv frå norsk bergindustri. Derfor ønskte vi å kartleggje dette betre, seier senioringeniør og prosjektleiar Ragnhild Strand Østrem.
Stor variasjon
Tilsette frå seks bedrifter innan bergindustrien samla inn over 130 målingar, etter rettleiing frå STAMI.
Grenseverdiane for kvarts i luft vart lavare i 2021, mens luftmålingane som er brukt i denne studien vart tatt opp før dette.
Resultata viser at dei fleste målingane på det tidspunktet var under grenseverdien for respirabelt kvarts som var gjeldande på den tida (0,.1 mg/m3). Men rundt ti prosent av målingane er høgare enn den noverande grenseverdien for kvarts i luft (0,.05 mg/m3).
Målingane viser at det er store forskjellar i eksponering mellom ulike arbeidsoppgåver, og ulike stader på anlegga.
Kontrollarbeid og sveising gir høgare nivå
Arbeid med transport, der tilsette sit inne i maskiner, gir gjennomgåande låg eksponering.
Derimot viser målingane at oppgåver som kontrollarbeid og sveising ofte gir høgare nivå, sjølv om desse ikkje nødvendigvis blir knytte direkte til støv frå stein.
Desse arbeidsoppgåvene blir gjennomførte på ulike stader i pukkverka og av randsonepersonell. Det er tilsette som ikkje jobbar direkte med kvartshaldige materiale, men som kan vere indirekte eksponerte for kvartsstøv.
Støvmengd forklarer ikkje alt
Eit viktig funn er at mengda av støv åleine ikkje gir heile biletet. Andelen kvarts i støvet varierer kraftig, og kan vere høg sjølv når det totale støvnivået er lågt.
– Det betyr at du kan ha eit arbeidsmiljø som ser trygt ut om du berre måler støv, men som likevel inneber risiko fordi støvet inneheld mykje kvarts, forklarer Strand Østrem.
Rapporten peikar på behovet for meir målretta målingar og betre risikovurderingar. Bedrifter må ikkje berre spørje kor mykje støv som finst i lufta, men også kva det består av.
– For å verne arbeidstakarane godt nok, må vi vite meir om innhaldet i støvet. Kvarts bør målast systematisk der det er mistanke om eksponering, seier Strand Østrem.