Sjå forelesing: STAMI-forskar Live Bakke Finne forskar på psykososialt arbeidsmiljø, og her fortel ho om ein studie av arbeidsmiljø i gjenvinningsbransjen.

Krav til meir klima- og miljøvennlege arbeidsoperasjonar, betyr nye måtar å arbeide på, og dermed også nye utfordringar i arbeidsmiljøet.

Det norske arbeidslivet er i ei stor omstilling for å redusere klimagassutslepp, og for å tilpasse oss klimaendringane. Vi produserer energi på nye måtar, vi transporterer gods og oss sjølve på nye måtar, og industrien produserer nye typar varer på nye måtar.

Slike store og små endringar finn vi no i heile arbeidslivet. Å omstille store næringar betyr for mange verksemder eit kappløp for å bli relevante aktørar som best kan møte nye krav frå styresmakter, oppdragsgivarar og kundar.

Og når det skjer store endringar, kan ein fort oversjå utfordringar i arbeidsmiljøet.

Grøne jobbar

Gjenvinningsbransjen er éin av dei bransjane som veks mest, innanfor det ein kan kalle den grøne økonomien.

Ifølgje det europeiske arbeidsmiljøorganet EU-OSHA, er jobbar i den grøne økonomien næringsaktivitet som bidreg til å ta vare på eller restaurere miljøet.

Det kan vere arbeid som bidreg til å verne økosystem og biologisk mangfald, redusere forbruk av energi og råvarer, eller redusere avfall.

Kva med dei som har desse nye, grøne jobbane, har dei eit berekraftig arbeidsmiljø som tar vare på helsa og tryggleiken deira?

Gammal bransje, nytt innhald

STAMI har gjennomført fleire forskingsprosjekt for å skape ny kunnskap om arbeidsmiljøet i gjenvinningsbransjen. Både om det kjemiske og biologiske arbeidsmiljøet, men også det psykososiale arbeidsmiljøet.

I denne forelesinga fortel STAMI-forskar Live Bakke Finne kva dei fann då STAMI undersøkte det psykososiale arbeidsmiljøet i fleire verksemder i gjenvinningsbransjen, som over tid har fått eit nytt innhald.

Dei har undersøkt om det relativt høge sjukefråværet i denne bransjen hadde samanheng med psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet. Frå før har det vore lite tilgjengeleg kunnskap om psykososiale faktorar i akkurat denne bransjen.

Utfordringar ein kan redusere

Denne studien viser blant anna at éin av faktorane i arbeidsmiljøet som denne bransjen vil ha mykje igjen for å forbetre, er kontroll over arbeidet. Det er også fleire andre faktorar som går igjen i bransjen som utfordringar.

Samtidig viser studien at det også er fleire positive faktorar i arbeidsmiljøet, som verksemdene vil ha stor fordel av å ta vare på og ha med seg vidare.

Desse faktorane går Live Bakke Finne gjennom i forelesinga øvst på denne sida.

Verksemder i gjenvinnings- og renovasjonsbransjen kan bruke verktøyet En bra dag på jobb for å identifisere utfordringar, og innføre tiltak som kan skape eit betre arbeidsmiljø.

Her finn du En bra dag på jobb for renovasjon og gjenvinning