Bedriftshelsetenesta (BHT) skal hjelpe verksemder med å forebygge at tilsette blir sjuke eller skada av å arbeide. Dette er eitt av dei viktigsate verkemidla styresmaktene har til å førebygge sjukefråvær og fråfall frå det norske arbeidslivet.
Førebygging står sentralt i BHT sitt samfunnsoppdrag, men evalueringar har vist at dei i for stor grad tilbyr tenestar som ikkje er deira kjerneoppgåver.
I ein ny episode av STAMI sin podkast Arbeidsmiljørådet, forklarer STAMI-direktør Therese Hanvold kva som er bakgrunnen for å endre regelverket til BHT, og kva som no har blitt nytt i regelverket.
Du kan abonnere på Arbeidsmiljørådet i din podkast-app. Du kan også spele av podkasten i ruta over her, eller hos Spotify, Google og Apple.