I alle bransjar og på alle arbeidsplassar vil psykososiale faktorar påverke arbeidsmiljøet.

Belastande psykososiale faktorar aukar risiko for sjukefråvær, medan dei vernande psykososiale faktorane bidreg til lågare risiko. Men kva er eigentleg psykososialt arbeid og kva består desse faktorane av?

Manglar språk for utfordringane

– Mange ute i verksemdene manglar eit språk for å definere og setje ord på kva som er dei konkrete utfordringane i arbeidsmiljøet. Derfor er det viktig at vi som fagpersonar kjenner godt til dei ulike psykososiale arbeidsmiljøfaktorane og veit korleis dei kan påverke arbeidsmiljøa i ulike bransjar, seier Kristin Marie Sulheim Gundersen, lege i spesialisering ved STAMI.

Nettopp derfor skal STAMI sitt Kurs i aktuell arbeidsmedisin 2024, handle om psykososialt arbeidsmiljø og helse.

24. og 25. januar kan alle som jobbar med arbeidsmedisin få kunnskap om psykososiale arbeidsmiljøfaktorar som vi frå forsking veit har noko å seie for arbeidsmiljøet, og ei oppdatering om dei aktuelle problemstillingane i dette feltet.

Meir informasjon og påmelding til kurset her

Vi rettar kurset primært mot arbeidsmedisinarar, men det er ope også for andre med interesse for samanhengar mellom arbeidsmiljø og helse.

Arbeidsmiljø er samansett

Som arbeidsmedisinar vil ein ofte komme i situasjonar med arbeidsmiljøutfordringar knytt til psykososiale faktorar. Til dømes kan psykososiale faktorar som uklare roller eller emosjonell belastning ha samanheng med arbeidsrelaterte helseplager.

Desse samanhengane er ikkje alltid like tydelege for verksemda sjølv, og det kan vere ei utfordring for arbeidsmedisinaren å gjere verksemda klar over denne kompleksiteten.

– Akkurat som somatisk og psykisk helse påverkar kvarandre og heng saman, må vi også sjå arbeidsmiljøfaktorar i samanheng med kvarandre. Det er viktig at vi som arbeidsmedisinarar har kunnskap og er klar over korleis vi jobbar på for å klare dette, seier Gundersen.

Førebyggje psykososiale belastningar

Ofte blir bedriftshelsetenesta (BHT) kalla inn når det har skjedd hendingar som har ført til sjukefråvær. Som tilsett i BHT og som arbeidsmedisinar kan det vere frustrerande å sjå at ein gjerne skulle vore kopla inn på eit tidlegare tidspunkt, og mykje kunne vore unngått ved godt førebyggjande arbeid.

BHT må hjelpe verksemdene med kartleggingar og risikovurderingar som kan munne ut i førebyggjande endringar og tiltak. Då må vi komme inn med våre kunnskapsbaserte råd i det verksemdene lagar rutinane og retningslinjene sine, og før endringar og omorganiseringar i verksemdene skjer.

Gundersen peikar på ei felles utfordring for alle arbeidsmedisinarar som jobbar i BHT.

– Korleis kan vi komme oss i posisjon til å hjelpe til med det primærførebyggande arbeidet, knytt til dei psykososiale faktorane? Her treng vi gode praktiske døme frå kvarandre sine liv og virke for å komme vidare med utviklinga av faget vårt, og å kunne hjelpe til med systematisk, godt primærførebyggande arbeidsmiljøarbeid ute i verksemdene.

Nettopp slike gode praktiske døme kan du få med deg på Kurs i aktuell arbeidsmedisin 2024, 24. og 25. januar.

Sjå meir informasjon og påmelding her