Bedriftshelsetenesta (BHT) skal jobbe målretta med førebyggande arbeidsmiljøarbeid og hjelpe til med å skape trygge arbeidsforhold som skaper god arbeidshelse.

Frå og med 1. januar 2023 gjeld eit nytt regelverk for bedriftshelsetenester. Det stiller krav om at alle tilsette gjennomgår obligatorisk opplæring om formålet og rolla til BHT.

STAMI har sidan januar 2023 tilbydd ein opplæringsmodul som dekker dei obligatoriske læringsmåla for BHT-tilsette. Opplæringa har gått som direktesend videoundervisning éin gong i månaden.

Fleksibelt og interaktivt

Parallelt med dette har STAMI jobba med å vidareutvikle kurset til eit nytt og betre format, som skal gi meir variasjon og interaktivitet. No ser altså det nye e-læringskurset «BHT på 1-2-3» dagens lys.

– Ein av fordelane med e-læringskurset, er at når det først er kjøpt, kan du ta kurset når det passar deg. Du vil ikkje lenger trenge å logge deg på ei undervisning til gitte tidspunkt. Du kan også ta pausar undervegs for å notere viktige element, og repetere innhaldet så mange gonger du vil, seier Hanvold.

Les meir og ta kurset her

Samfunnsoppdrag og kjerneoppgåver

Det tar om lag to timar å fullføre kurset, som gir deg god forståing av samfunnsoppdraget til BHT. Du får kunnskap om BHTs kjerneoppgåver, kva som er hensikta med desse og kvifor akkurat dei er kjernen i arbeidet til BHT.

Som ein del av opplæringa vil du òg få vite kor du kan finne oppdatert kunnskap når du treng det seinare. Du vil i tillegg lære om korleis du kan bruke denne kunnskapen som grunnlag for eit målretta og førebyggande arbeidsmiljøarbeid.

– STAMIs halvårskurs «Grunnkurs for BHT» har sidan 2019 dekka dei nye læringsmåla for obligatorisk opplæring av tilsette i bedriftshelsetenester. Dersom du har gjennomført «Grunnkurs for BHT» i 2019 eller seinare, treng du med andre ord ikkje å ta det nye e-læringskurset, avsluttar STAMI-direktøren.