Kvart femte år publiserer STAMI ein rapport som samanliknar arbeidsmiljø og helse i Noreg og Europa. Rapporten byggjer på data frå den europeiske arbeidsmiljøundersøkinga, European Working Conditions Survey (EWCS).

Internasjonale samanlikningar som denne er viktige for å sjå likskapar og skilnader i tilstanden for arbeidsmiljø og helse mellom ulike land.

Best på sjølvbestemming og kompetanse

Noreg har tradisjonelt gjort det godt i slike samanlikningar av arbeidsmiljø og helse. Også denne gongen viser det overordna biletet at Noreg har eit godt arbeidsmiljø i europeisk samanheng.

Det norske arbeidslivet skil seg positivt ut med høg grad av innverknad på arbeidet, moglegheiter for læring og utvikling, tryggleik og gode lønsforhold.

– Høg kompetanse og høg grad av sjølvbestemming er det tydelegaste trekket ved det norske arbeidslivet. Sysselsette i Noreg rapporterer om betre moglegheiter for læring og kompetanseutvikling, større sjølvbestemming og medverknad enn gjennomsnittet i EU, seier STAMI-forskar Ståle Østhus, som har skrive rapporten om undersøkinga.

STAMI overvaker tilstanden for arbeidsmiljø og arbeidshelse i Noreg over tid. Vi har lenge sett at sysselsette i Noreg opplever at dei har eit godt arbeidsmiljø.

– Det er viktig å arbeide vidare for å halde ved lag det som fungerer godt i det norske arbeidslivet. Moglegheiter for sjølvbestemming og for å utvikle kompetansen sin er hjørnesteinar i eit godt arbeidsmiljø. Det bidreg til betre helse, sterkare jobbengasjement og auka produktivitet, seier Therese Hanvold, direktør i STAMI.

Her er heile rapporten

Arbeidsmiljøet i Norge og EU – en sammenlikning. Resultater fra European Working Conditions Survey (EWCS) 2024.

Last ned rapporten her
dekorativt bilde av rapporten

Her har Noreg utfordringar

Samtidig viser resultata at Noreg ikkje skårar best på alle sider ved arbeidslivet.

Svara viser at det norske arbeidslivet har nokre viktige utfordringar knytt til arbeidsintensitet og krenkande åtferd. Og fysiske og mekaniske eksponeringar er framleis utbreidde trekk ved arbeidsmiljøet i Noreg.

Samanlikna med EU har vi:

  • høgare arbeidsintensitet
  • meir tidspress
  • høgare kvantitative krav
  • eit arbeidstempo som oftare blir styrt av andre
  • meir nattarbeid
  • kort kviletid mellom påfølgjande skift (mindre enn 11 timar kvile)

Dei fysiske utfordringane er først og fremst knytt til at deltakarar rapporterer meir eksponering for kulde og smittefare enn EU. Nivået av mekaniske belastningar, som tunge løft og belastande arbeidsstillingar, ligg på same nivå som gjennomsnittet i EU.

Rapporten oppsummert på éi side

Nokre av dei viktigaste resultata i rapporten er samla på dette faktaarket.

Last ned faktaark her
dekorativt bilde av faktaarket

Ikkje same fortrinn som før

Resultata viser at dei relative fortrinna Noreg har, har blitt mindre på nokre område.

Noreg skårar ikkje lenger betre enn EU-gjennomsnittet på fysisk arbeidsmiljø og kvaliteten på arbeidstida, slik tidlegare undersøkingar har vist.

– Dette heng saman både med auka rapportert eksponering blant norske sysselsette på enkelte arbeidsmiljøområde og ei positiv utvikling i mange EU-land over tid, seier Østhus.

For første gong ligg Noreg også under EU-gjennomsnittet for både sjølvrapportert helse og mentalt velvære.

Sysselsette med mange helseplager har gjennomgåande dårlegare jobbkvalitet, både i Noreg og i EU. Det betyr at eit dårleg arbeidsmiljø for mange kjem i tillegg til andre belastningar.

Viktig å kjenne utfordringane

– Arbeidsmiljø er ferskvare. Det vi var gode på i går, er ikkje alltid det vi er gode på i morgon. Desse resultata viser oss kvar utfordringane ligg, samanlikna med EU. Og vi bør bruke dette til å målrette innsatsen vår framover, seier Hanvold.

Ho seier at det er viktig for styresmaktene, partane og verksemdene å finne ut kvar «skoen trykker».

– Det er heilt avgjerande for å kunne setje i verk effektive tiltak som kan skape eit betre arbeidsmiljø for alle. På den måten bidreg vi til eit godt arbeidsmiljø som fremjar god helse og sikrar at fleire kan delta i arbeidslivet, seier Hanvold.