Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har utarbeidd ein rapport som omtaler resultata frå ei av dei største undersøkingane i verda om arbeidsforhold (den sjuande europeiske arbeidsmiljøundersøkinga).

− Rapporten gir oss eit unikt høve til å vurdere arbeidsmiljøtilstanden i Noreg i lys av europeiske forhold, seier STAMI-direktør Therese Hanvold.

Gode forhold, men også utfordringar

Resultata frå undersøkinga gir eit positivt bilete av arbeidsmiljøet og arbeidshelsa i Noreg, som er prega av trygge jobbar og gode arbeidsforhold.

Samtidig finst det både utfordringar og forbetringspotensial. Sysselsette i Noreg oppgir i større grad enn EU-gjennomsnittet at dei blir utsette for utskjelling, truslar, uønskt seksuell merksemd, mobbing eller vald i samband med arbeidet sitt. Det er også fleire i Noreg enn i EU som har opplevd diskriminering på jobben det siste året.

Samla sett rapporterer sysselsette i Noreg om lågare førekomst av mekaniske, fysiske, kjemiske og biologiske eksponeringar på arbeidsplassen enn i EU. Men norske arbeidarar rapporterer om høgare førekomst av løfting eller flytting av menneske og handtering av materiale som kan vere smitteførande.

Når det gjeld ryggsmerter og muskelsmerter i beina, er førekomsten blant sysselsette i Noreg lågare enn EU-gjennomsnittet, medan vi ligg litt høgare enn gjennomsnittet når det gjeld muskelsmerter i skuldrer, nakke og/eller armar.

Her kan du sjå rapportlanseringa 16. juni 2023:

Godt psykososialt arbeidsmiljø

Førekomsten av kroniske plager er høgare blant norske sysselsette enn i EU. Ein høgare andel kvinner enn menn rapportar om kronisk sjukdom eller helseplager. Denne kjønnsforskjellen er tydelegare i Noreg enn i EU.

Også på området psykisk helse kjem Noreg godt ut samanlikna med EU-gjennomsnittet. Vi er blant landa med lågast førekomst av sjølvrapportert angst, og det er ein lågare del i Noreg enn i EU som er mentalt utmatta etter jobben.

Når det gjeld mentalt velvære er Noreg nivå med EU-gjennomsnittet. Andelen som oppgir at eiga helse er i fare på grunn av arbeidet, er noko lågare i Noreg enn i EU.

Nordiske land i særklasse

Øyvind Rongevær frå LO peikar på at rapporten er nyttig inn i arbeidet til LO med å utvikle opplæringsaktivitetar for gode arbeidsforhold i Noreg.

− Det er interessant å sjå at dei nordiske landa stiller i ei eiga klasse samanlikna med Europa. Det kan ha samanheng med den nordiske modellen og trepartssamarbeidet, med eit tett samarbeid mellom arbeidsgivar- og arbeidstakarsida og styresmaktene, seier Rongevær.

− At nivået av rapportert uønskt seksuell merksemd og dessutan vald, truslar og diskriminering er høgare i Noreg enn i andre europeiske er noko vi må ta på alvor og jobbe for å endre. Bransjar er ulike, og eg har stor tru på at vi framleis skal ha søkjelys på bransjespesifikke program i arbeidsmiljøarbeidet, kommenterer Ann-Torill Benonisen Indreeide frå NHO.

Meir om rapporten

Den europeiske arbeidsmiljøundersøkinga European Working Conditions Survey (EWCS) er ei undersøking som blir gjennomført av Det europeiske arbeidsmiljøorganet Eurofound (European Foundation for the Improvement of Living and Working Conditions). EWCS er ei av dei største undersøkingane av arbeidsforhold i verda og blir utført kvart femte år. Denne rapporten gjengir resultat frå den sjuande i rekkja av desse undersøkingane. I 2021 deltok meir enn 71 000 sysselsette frå 36 land i undersøkinga, som er den sjuande i rekkja.