Tenk deg at STAMI skal gje eit råd om korleis organisering av arbeidet og fordeling av roller kan påverke psykososialt arbeidsmiljø og helse. Då held det ikkje å sjå på resultata frå berre ein eller to forskingsstudiar.

– Det blir som å berre ha nokre få bitar av eit stort puslespel. Vi må fyrst leite fram alle dei bitane som finst, og plukke ut dei vi er heilt sikre på at har høgast kvalitet. Så må vi setje saman desse bitane for å sjå heile biletet – og finne ut kva for bitar vi manglar. Det gjer vi gjennom systematiske kunnskapsoppsummeringar, seier direktør i STAMI, Pål Molander.

Sjå våre kunnskapsoppsummeringar her

Omfattande, men morosamt

STAMI satsar no på slike kunnskapsoppsummeringar om arbeidsmiljø, for å medverke til at arbeidsplassar i heile Noreg har tilgang på sikker kunnskap til sitt førebyggjande arbeidsmiljøarbeid.

– Å kome fram til sikker kunnskap er ein omfattande prosess som går over fleire trinn. Det kan høyrest litt tørt og keisamt ut, men det er faktisk ganske morosamt! For å illustrere dette, har vi no laga ein kortfilm med Petter Schjerven. Han hjelper oss med å forklare kva ein kunnskapsoppsummering er, korleis vi gjennomfører sjølve prosessen og kvifor dette er så viktig – alt med eit lite glimt i auget, seier Molander.

Lett tilgjengeleg

På heimesida til STAMI kan du finne fleire kunnskapsoppsummeringar. Den nyaste, som kom i sumar, handlar om korleis fjernarbeid frå heimekontor verker inn på helse og arbeidsmiljø. Rapporten blei utarbeidt av STAMIs eigen eining for systematiske kunnskapsoppsummeringar, som er leia av forskar Lise Fløvik.

– I tida som kjem, vil vi publisere fleire kunnskapsoppsummeringar, og ikkje minst jobbe målretta med å få kunnskapen ut til arbeidsplassane. Vi førebur både podkast og andre morosame prosjekt, og vi gler oss til vegen videre, avsluttar STAMI-direktøren.