Home News Kulde kan ha ein "jet lag-effekt" på klok[...]

Kulde kan ha ein "jet lag-effekt" på klokker i cellene

Og etter berre nokre timar kan kulde også slå av og på gener. Det viser ein STAMI-studie som bidrar med ny kunnskap som kan hjelpe oss å forstå korleis skiftarbeid i kulde kan påverke helsa.

Når vi merkar at det blir kaldt, set vi aktivt i gang responsar for å tilpasse oss denne endringa. Vi kan ta på oss varmare klede, eller slå ei god, gammaldags floke.

I tillegg set kroppen i gang fysiologiske responsar for å halde oppe kjernetemperaturen til kroppen. Til dømes reagerer kroppen raskt på kulde ved at blodet trekkjer inn frå hender og føter for å verne indre organ. Verkar ikkje det, er neste respons at vi byrjar å skjelve.

Når kroppen tilpassar seg frå sommarvarmen til haust og vinter, endrar vi bestemte gener for å klare det.

– Over tid slår cellene på spesielle gener for å tilpasse seg kulde meir varig. Og vi har ikkje visst om slike responsar kan skje allereie i løpet av åtte timar, som også svarer til ein arbeidsdag. Det har ingen studiar vist før, seier Fred Haugen, som er forskar på STAMI.

Mange arbeider skift i kulde

I det norske arbeidslivet rapporterer 32 prosent at dei arbeider skift, medan 14 prosent rapporterer om at dei blir eksponerte for kulde på jobb.

Arbeid i kalde omgjevnadar kan gi frostskadar, kan auke risikoen for ulykker, og er sett i samanheng med fleire helseplager og sjukdomar. Enkelte funn tyder på at kuldeeksponering akutt og over tid kan ha innverknad på sjukdomar i pustesystemet, hjarte- og karsjukdom, muskel- og skjelettplager og andre kroniske sjukdomar.

Det har lenge vore kjent at temperaturreguleringa vår er endra om natta. Men kva slags mekanismar som gjer at arbeid i kulde kan påverke helsa, finst det lite kunnskap om.

Og det har ikkje før vore forska på korleis arbeid i kulde, kombinert med skiftarbeid, kan påverke helsa.

I denne studien har Haugen og kollegaer på STAMI undersøkt korleis temperaturendringar påverkar bestemte celler i mus, og om desse cellene responderer ulikt på ulike tider på døgnet.

Ulike reaksjonar på dag og natt

Forsøka har vist at åtte timar er nok til å setje i gang mange responsar, spesielt i brunt fettvev. Cellene i brunt fettvev har eit protein (UCP1) som kan generere varme. I menneske er det spedbarn som har mest brunt fettvev under huda, for å kunne motverke varmetap. Men også vaksne menneske har litt av dette.

Tid på døgnet påverkar også aktiveringa av hormonet FGF21, som blir produsert i levra og i brunt fettvev.

– Denne studien viser at tid på døgnet er viktig, og at nokre av responsane er ulike på ulike tider av døgnet, seier Haugen.

Dette har ikkje vore kjent før.

– Det er nytt at det skjer så fort og at tid på døgnet påverkar kor stor aktivering det får. Proteinet UCP1 i brunt fettvev er studert mykje, så det er morosamt at vi har gjort nye funn på dette, seier forskaren.

Kulde kan påverke dei indre klokkene

I same studien har forskarane studert klokkegen i cellene i lever og brunt fettvev. Alle cellene i kroppen har klokker, og desse er styrt frå eit område i hjernen som har samband med netthinna til auga. Fordi lys er ein avgjerande faktor for døgnrytmen.

Her fann forskarane at kulde påverkar klokkegena i cellene, og kan dermed påverke døgnrytmen deira.

– Vi ser i denne studien at kulde kan ha ein slags «jet lag-effekt» på døgnrytmen i cellene. Dei indre klokkene i brunt fettvev og nervane som går ut til huda, var særleg påverka. Ein kan spekulere om dette også påverkar forbrenning og sensitivitet gjennom døgnet, seier Haugen.

Resultata i denne studien er ikkje direkte overførbare til menneske. Men no veit forskarane på STAMI at det er mykje å hente av å undersøkje korleis tid på døgnet påverkar genar som gir tilpassing til kulde i menneske.

Derfor er dei i gang med nye prosjekt som kan hjelpe oss nærare ei forståing av korleis skiftarbeid i kalde omgivnader påverkar helsa. Eitt av desse prosjekta er Noralert, som du kan lese meir om her.

Les den vitskapelege artikkelen

Få nyhetsbrev
Lukk