Hjem Nyheter Kan redusere vibrasjon frå verktøy med 75[...]

Kan redusere vibrasjon frå verktøy med 75 prosent

Arbeid med vibrerande verktøy kan føre til nedsett funksjon i hendene. No har forskarar på STAMI bidrege til å utvikle verktøy som ristar mindre.

Om lag 60.000 arbeidstakarar i bygg- og anleggsbransjen i Noreg rapporterer at dei er utsette for vibrasjonar frå handhaldne verktøy ein firedel av arbeidsdagen eller meir.

Sterke og langvarige vibrasjonar kan føre til skadar som er kjende som hand-arm-vibrasjonssyndrom (HAVS).

Dette er ein yrkessjukdom, og skadane oppstår fordi vibrasjonane forplantar seg til nervane og blodårene til fingrane. I nokre tilfelle også til ledd og muskulatur i hendene og armane.

Risikerer nedsett funksjonsevne

− Når arbeid med vibrerande verktøy gir slike skadar, fører det til ulike plager, som nedsett funksjon, smertar, kalde hender, kvite fingrar og kuldeintoleranse. For dei som blir ramma, fører det til redusert funksjonsevne både i fritida og på jobb. Til dømes kan det gå ut over evna til å kneppe knappar og til å gjennomføre andre aktivitetar som krev fingerferdigheit.

Det forklarer Thomas Clemm, forskar på STAMI, som nettopp har teke doktorgrad om vibrasjonseksponering og nevrologiske symptom.

Saman med kollegaer på STAMI har han gjennomført eit prosjekt som har undersøkt nye teknologiske løysingar som kan redusere vibrasjonar via hendene.

I prosjektet har dei valt ut handhaldne verktøy som er kjende for å bidra til risiko for vibrasjonsskadar i bygg- og anleggsbransjen.

Prosjektet har økonomisk bidrag og praktisk gjennomføringsstøtte frå tiltaket «IA-bransjeprogrammet bygg og anlegg», som er eitt av sju bransjeprogram under IA-avtalen 2019-2024.

Den overordna målsetjinga i IA-bransjeprogrammet er å bidra til å redusere sjukefråvær og fråfall i arbeidslivet. I tillegg til STAMI, har prosjektet vitskaplege deltakarar frå RISE (den svenske parallellen til Sintef).

Mål for prosjektet:

  • Auke kunnskap hos entreprenørar og arbeidstakarar om vibrasjonsnivået til verktøy som blir brukt mykje i bygg og anleggsbransjen
  • Auke kunnskap hos entreprenørar og arbeidstakarar om tiltak som kan bidra til å redusere vibrasjonseksponeringa, som å gjere innkjøp av verktøy og maskiner der også vibrasjonar frå verktøyet inngår i kjøpsvurderingane
  • Utvikle prototypar på verktøy med tekniske modifiseringar som integrert dempemekanisme for å redusere vibrasjonseksponeringa
  • Bidra med auka kunnskap til forskingsfeltet ved å dokumentere effektar av vibrasjonsreduserande tiltak

Bygde om fjellbormaskiner

I samarbeid med IA-bransjeprogrammet for bygg og anlegg, MESTA AS og andre entreprenørar har forskarane undersøkt effektene av å byggje om verktøy.

Dei har jobba med fjellbor som blir brukte for å forhindre at fjell og steinblokker rasar ut på vegar. Då valde dei ut to typar fjellbor og monterte på ATVA-teknologi. Dette er ei mekanisk innretning som dempar vibrasjonar gjennom å skape motrørsle med same frekvens som vibrasjonen den skal dempe. Dei monterte også fjørdempande mekanismar på handtaka.

Så testa forskarane verktøya før og etter ombygginga.

Store reduksjonar er mogleg

− Prosjektet viser at det er fullt mogleg å redusere vibrasjonane frå dei aktuelle verktøya, i nokre tilfelle med meir enn 75 prosent av opphavleg vibrasjonsnivå. Det vil bidra til lågare risiko for hand-arm-vibrasjonssyndrom hos arbeidstakarane, seier Clemm.

Han understrekar at ein viktig del av prosjektet er å informere avgjerdstakarar om dei moglegheitene som ny teknologi gir for å redusere risikoen for hand-arm-vibrasjonssyndrom.

− Det er mogleg å byggje inn tiltaka under konstruksjon av maskiner eller gjennom ettermontering av dempeteknologi. Kunnskapen frå dette prosjektet har dessutan overføringsverdi til andre handhaldne og handstyrte maskiner, seier forskaren.

Ein annan fordel med å redusere vibrasjonar, er at ein kan bruke utstyret i lengre tid før ein når tiltaksverdien samanlikna med bruk av verktøy utan vibrasjonsdempande teknologi. Tiltaksverdien ligg på 2,5 m/*s2 for ein åttetimarsdag.

Les rapporten

Få nyhetsbrev
Lukk