Hjem Nyheter IA-avtalen heldt fleire i jobb etter sjuk[...]

IA-avtalen heldt fleire i jobb etter sjukefråvær

Å arbeide i ei IA-verksemd auka sannsynet for å bli verande i jobb, og for å kome tilbake i jobb, etter sjukefråvær lenger enn 16 dagar.

Det viser ein ny studie frå STAMI og Oslo universitetssjukehus, av nesten 190.000 personar med sjukefråvær.

Avtalen mellom regjeringa og partane i arbeidslivet om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen), vart først signert i 2001. Målet med avtalen er å redusere sjukefråvær og å halde flest mogleg i arbeid.

Denne nye studien viser for første gang effektar av IA-avtalen, med storskala registerdata, der fleire effektar blir studert på same tid.

20 år med IA-avtale

I den første IA-avtalen forplikta verksemder seg til å arbeide systematisk for å redusere sjukefråværet og fråfallet frå arbeidslivet, mellom anna gjennom å styrke arbeidsmiljøet for å førebygge sjukdom.

IA-verksemdene fekk då tilgang til fleire verkemiddel for å redusere og hindre sjukefråvær. Mellom anna støtte frå regionale arbeidslivssenter i NAV. Allereie i 2004 var 55 prosent av sysselsette i Noreg tilsette i IA-verksemder.

Avtalen har blitt vidareutvikla over fleire år. Den noverande avtalen gjeld ut 2024. Dei siste utgåvene av IA-avtalen er ikkje med i denne studien.

På bakgrunn av helsedata og data frå NAV har forskarane nytta statistiske metodar for å studere årsakssamanhengar mellom IA-status og sjukefråvær.

Fleire dagar i arbeid

– Studien viser at det å arbeide i ei IA-verksemd ved starten av sjukefråværet, auka sannsynet for å kome tilbake i jobb etterpå, og å bli verande i arbeid. I løpet av det første året etter at sjukefråværet starta, hadde tilsette i IA-verksemder også i gjennomsnitt 8,4 fleire dagar i arbeid enn dei som ikkje var i IA-verksemder, seier Ingrid Sivesind Mehlum, overlege og leiande seniorforskar ved STAMI.

Dei har også funne at tilsette i IA-verksemder hadde dessutan i gjennomsnitt 7,6 færre dagar på fulltidssjukefråvær i løpet av det første året, og 1,6 færre dagar utanfor arbeid på arbeidsløyse aller andre grunnar.

– Eit anna interessant funn var at IA-avtalen ser ut til å ha større effekt på menn enn på kvinner, og at effekten også varer lenger for menn enn for kvinner, seier Sivesind Mehlum.

  • Å arbeide i ei IA-verksemd ved starten av sjukefråværet, auka sannsynet for å kome tilbake i jobb etterpå, og å bli verande i arbeid.
  • I løpet av det første året etter at sjukefråværet starta, hadde tilsette i IA-verksemder i gjennomsnitt 8,4 fleire dagar i arbeid enn dei som ikkje var i IA-verksemder.
  • Tilsette i IA-verksemder hadde dessutan i gjennomsnitt 7,6 færre dagar på fulltidssjukefråvær i løpet av det første året, og 1,6 færre dagar utanfor arbeid på arbeidsløyse aller andre grunnar.
  • Studien viser at IA-avtalen hadde større effekt for menn enn for kvinner og meir langvarig effekt for menn, utover det første året.
  • Menn i IA-verksemder brukte gradert sjukefråvær litt meir enn andre menn, men forskjellen var liten.
  • IA-avtalen hadde også større effekt for tilsette med muskel- og skjelettdiagnosar eller med psykologiske diagnosar knytt til sjukefråværet.

Har lykkast med måla

– Resultata i denne studien indikerer at IA-avtalen bidreg til å halde folk i arbeid, både ved å redusere sjukefråvær og ved at dei beheld jobben og tilknytinga til arbeidslivet. Det har ingen studiar vist tidlegare, seier Ingrid Sivesind Mehlum, overlege og leiande seniorforskar ved STAMI.

Det overordna målet i IA-samarbeidet er å skape eit arbeidsliv med plass til alle og auke sysselsettinga. Denne studien indikerer at IA-verksemder lykkast med dette gjennom å redusere fulltidssjukefråværet, men også gjennom at fleire held på jobben og tilknytinga til arbeidslivet.

– Dette viser også at det er viktig å ha fokus på meir enn sjukefråvær i IA-arbeidet. Det å ha ein jobb å gå til, er kanskje det aller viktigaste.

I studien har forskarane brukt registerdata frå alle fødd i Noreg mellom 1967 og 1976. Alle i denne kohorten som hadde sjukefråvær lenger enn 16 dagar mellom 2004 og 2010, er deltakarar i studien, og vart følgt i 500 dagar etter at sjukefråværet starta. NAV-data frå denne gruppa på 187.930 personar viser om arbeidsplassen er IA-verksemd eller ikkje.

Denne studien har ikkje undersøkt effektar av dei seinare IA-avtalene enno. Dette vil Sivesind Mehlum og hennar kollegaer studere når dei får meir oppdaterte data.

Slik er metoden

Forskarane brukte registerdata frå ein kohort med alle 626.928 personar fødd i Noreg mellom 1967 og 1976. Frå denne kohorten vart personar inkludert i studien i det dei starta eit fulltidssjukefråvær over 16 dagar. Dette var 187.930 personar, som vart deltakarane i studien. Desse vart registrert med IA-statusen til arbeidsplassen.

For å kunne finne årsakssamanhengar mellom sjukefråvær og IA-avtalen, har forskarane nytta statistiske og kausale metodar for storskala registerdata, mellom anna multistate-modellar.

Forskarane har tatt høgde for ei rekke forskjellar mellom arbeidarar og verksemder med og utan IA-avtale. Desse inkluderer forskjellar i kjønnssamansetjing, alder og utdanningsnivå hos arbeidarane, type og storleik på verksemda, samt kva for landsdel verksemda ligg i.

Les vitskapeleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk