Høg arbeidsdeltaking er viktig for å finansiera velferdsstaten og er eit høgt prioritert politisk mål.

No blir andre internasjonale seminaret om nettopp arbeidslivsdeltaking gjennom livsløpet arrangert: «Working Life Expectancy». Seminaret er digitalt, og blir gjennomført den 18. november 2021.

Seminaret er knytt til eit større forskingsprosjekt på feltet der ein har laga ein nordisk database for manglande arbeidsevne (the Nordic Work Disability Database – NWDD). Målet er å studera kva yrkesspesifikt potensial ein har for å kunna bidra til at fleire står i arbeid lenger.

Førebygga fråfall og måle effekt

I forskingprosjektet stiller forskarane hovudspørsmålet: I kva grad kan ein førebygga uførleik og fråfall frå arbeidslivet?

Her har forskarane som målsetjing å sjå på arbeidsplass-spesifikt potensial for førebygging for å bidra til at fleire står i arbeid lenger i dei nordiske landa. Det er eit mål å førebygga arbeidsuføre og fråfall frå arbeidslivet. Korleis kan ein førebygga dette, og korleis kan ein måla om tiltaka har effekt?

– Ofte har ein studert éin ting om gongen, stort sett sjukefråvær eller uførepensjonering. Men alle årsaker til fråfall frå arbeidslivet er viktige, enten det er sjukefråvær, uførepensjonering, arbeidsløyse eller AFP/alderspensjon, seier forskar Ingrid Sivesind Mehlum frå STAMI.

Forventa arbeidsalder

Tema for seminaret er “Working Life Expectancy”. Dette er eit omgrep som i arbeidslivs- og arbeidsmiljøforskinga svarar til “Life Expectancy”, eller forventa levealder. Ein skulle kunna kalla det forventa arbeidsalder.

Seminaret blir arrangert i eit samarbeid mellom dei nordiske arbeidsmiljøinstitutta: Det Nationale Forskningscenter for Arbejdsmiljø i Danmark, Arbetshälsoinstitutet i Finland, Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) i Noreg og dessutan Centrum för Arbets- och miljömedicin, Stockholms läns landsting og Karolinska Institutet i Sverige.

– I dette nordiske prosjektet bruker vi «Working Life Expectancy», eit samlemål på forventa tid i arbeidslivet, og studerer korleis denne tida blir påverka av ulike yrke. Vi studerer også om det er forskjellar i ulike aldersgrupper og mellom dei nordiske landa, for betre å kunna førebygga fråfall frå arbeidslivet, seier Sivesind Mehlum.