Mange yrkesaktive utfører arbeid som inneber bruk og kontakt med kjemiske eller biologiske stoff. Eksponering for kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar skjer i hovudsak gjennom innanding, men også gjennom hudkontakt og oralt inntak.
Ein kan redusere farene forbunde med eksponering for desse stoffa, ved for eksempel betre ventilasjon, bruke naudsynt verneutstyr, eller ta andre naudsynte forholdsreglar.
For å sikre at arbeidstakeren har et fullt forsvarlig arbeidsmiljø, er det viktig å kjenne til stoffa sine egenskaper, kunnskapsbaserte risikovurderingar, og riktig vurdering av luftmålinger utført på arbeidsplassen.
Kjemiske faktorar i arbeidsmiljøet kan vere:
- Ulike kjemiske produkt
- Gass og damp
- Eksos og brannrøyk
- Ulike former for støv og partiklar
- Reingjeringsmiddel, løysemiddel, eller avfettingsmiddel
- Oljar og smøremiddel
Biologiske og organiske faktorar stammar frå plantar, dyr og mikroorganismar, og kan vere:
- Kroppsvæsker og kroppsvev
- Virus og bakteriar
- Pollen, soppsporar, hår og midd
- Endotoksinar, mykotoksinar og glukaner (stoff som blir skilt ut av visse bakteriar og muggsopp, og kan finnast i støv)
- Komponentar fra næringsmiddel
Fakta og forsking om kjemisk og biologisk arbeidsmiljø
Kven i arbeidslivet er utsette?
Heile 23 prosent av dei yrkesaktive i Noreg oppga i 2019 at dei har arbeid der dei er utsette for kjemiske eksponeringar gjennom innanding. Dette tilsvarer 603 000 yrkesaktive. 31 prosent, det vil seie 824 000 yrkesaktive, oppga kontakt med slike eksponeringar på huda, og om lag 23 prosent, 600 000 yrkesaktive, rapporterte om dagleg kontakt med biologisk materiale.
Kjemiske arbeidsmiljøfaktorar kan forekome i mange delar av næringslivet, for eksempel i oljerelatert verksemd, oppdrettsnæringa, bygg- og anleggsverksemd, handverksfag og smelteverksindustri, men også innenfor yrke som frisør og reinhaldar.
Eksponering for biologiske faktorar kan forekome for eksempel i helsevesenet, landbruket, trelast og møbelindustri, avfallshadtering, ved produksjon av næringsmiddel og i enkelte tilfelle i kontor- og skulebygg, barnehagar og liknande.
Les meir om kjemiske og biologiske eksponeringar i ulike yrke og bransjar hos Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø (NOA)
Slik kan det påverke helsa
I arbeidslivet er det primært ved innanding, men også gjennom hudkontakt og oralt inntak, ein kan bli utsett for kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar.
Innanding av kjemiske og biologiske faktorar kan gi luftvegsplager og sjukdomar i luftvegane, som astma, kols, bronkitt og kreft. Enkelte stoff tatt opp i kroppen via luftvegane kan også gi sjukdom i andre organsystem slik som hjerte- og karsjukdomar, sjukdomar i nervesystemet og ulike formar for kreft.
Hudkontakt med kjemikaliar og biologiske faktorar kan gi allergi og hudsjukdommar, og enkelte stoff kan også takast opp i kroppen via huda. Denne eksponeringa kan føre til medisinske tilstandar, der nokon er alvorlege sjukdommar, som også kan omfatte kreftsjukdom med eit potensielt dødeleg utfall.
Kvifor er det viktig å forske på dette?
Samanhengen mellom eksponeringar og helse er dårleg dokumentert for mange kjemiske og biologiske samband. For å få slik kunnskap er det viktig å få oversikt over eksponeringar og nivåa deira i arbeidslivet, og dessutan kva helseeffektar eksponeringa medfører.
Derfor arbeider STAMI med å kartlegge og identifisere kjemiske og biologiske forureiningar i arbeidsmiljøet som kan medføre helserisiko for arbeidstakarar.
Det kan vere vanskeleg å knyte ei eksponering som har skjedd langt tilbake i tid til ein helseskade, eller å finne ut kor mange års eksponering som må til for at ein sjukdom skal utvikle seg. Det er derfor viktig å følgje opp arbeidsmiljø og bransjar over tid. STAMI prioriterer forsking knytt til utvikling av metodikk som inneber å finne tidlege markørar for sjukdomsutvikling. Slik kan ein på eit tidleg tidspunkt fange opp potensielle helsefarar.
Forsking på feltet
Her finn du oversikt over alle STAMIs forskningsprosjekt og vitenskapelege publikasjonar på feltet kjemisk og biologisk arbeidsmiljø.
Grenseverdiar og regulatorisk toksikologi
For å redusere utvikling av yrkessjukdomar eller andre uheldige effekter hos arbeidarar som blir utsette for farlege kjemikaliar på arbeidsplassen, blir det utarbeidd yrkeshygieniske grenseverdiar for fleire forureiningar i arbeidsluft.
Grenseverdiane blir sette av Arbeidstilsynet i dialog med partane i arbeidslivet, ut frå toksikologiske, tekniske og økonomiske vurderingar. Det toksikologiske grunnlaget blir utarbeidd av STAMI etter ein kritisk gjennomgang av nasjonal og internasjonal forsking på samanhengar mellom eksponering og helseeffekt.
Dei fleste forskingsprosjekt knytt til kjemiske og toksikologiske problemstillingar ved STAMI, har høg relevans for arbeidet med å setje grenseverdiar.
Eksponeringsmålingar
Sentralt i arbeidet med å setje yrkeshygieniske grenseverdiar er også resultat-samanstillingar av målingar utførte i arbeidslivet. Eksponeringsmålingar er ein del av kvar enkelt verksemd sitt arbeid for å dokumentere at det kjemiske og biologiske arbeidsmiljøet held ein god standard og utgjer ein viktig basis for risikovurderingar og førebyggjande arbeid.
Har verksemder kjennskap til kva ein blir utsett for på jobb, så veit ein også kva tiltak ein må setje inn og kvar ein bør rette tiltaka for å redusere eksponeringar.
Med desse målingane får verksemdene dokumentasjon på om luftkonsentrasjonane er innanfor grenseverdiane sett av Arbeidstilsynet.
STAMI leiger ut prøvetakingsutstyr til dette formålet og utfører laboratorieanalysar. Målingane omfattar ofte innsamling av luftprøver frå pustesona til arbeidstakarar i arbeidslokala over ein heil arbeidsdag, med ein etterfølgjande laboratorieanalyse, som gjer det mogleg å berekne eksponeringsnivået til arbeidstakarane.
Registrering av målingar
Nasjonalt elektronisk eksponeringsregister for kjemiske eksponeringsmålingar (EXPO) er ein nasjonal database som blir drifta av STAMI. Registeret inneheld nesten 100 000 målingar av arbeidsluft, og sikrar god tilgang på aggregerte data frå målingar, også over tid.
EXPO Online er ei gratis og sikker nettløysing som verksemder kan bruke for å registrere og lagre luftprøvene sine, som vil gi verksemder oversikt over eigne luftmålingar. Ein av fordelane med å lagre målingane på éin stad er at ein kan samanlikne målingar over tid, og sjå om tiltak har gitt resultat.
Les også
- Hva er arbeidsmiljø?
- Hva er psykososialt arbeidsmiljø?
- Hva er organisatorisk arbeidsmiljø?
- Hva er fysisk arbeidsmiljø?
Tjenester fra STAMI
-
Vi tilbyr en rekke analyser i forbindelse med vurderinger av kjemiske og biologiske eksponeringer i arbeidsmiljøet.
-
EXPO Online er en gratis og sikker nettløsning som virksomheter kan bruke for å registrere og lagre sine luftprøver.
-
Rådgivningstjenesten kan hjelpe til med risikovurdering av arbeidsmiljøet ved graviditet.
-
Poliklinikken utreder pasienter som har mistanke om arbeidsrelaterte sykdommer.