Hjem Nyheter Høgare risiko for mobbing i tradisjonelle[...]

Høgare risiko for mobbing i tradisjonelle, opne kontorlandskap

Tilsette i tradisjonelle, opne kontorlandskap er også mindre tilfreds med jobben.

Norske kontorarbeidsplassar har utvikla seg frå å vere hovudsakleg einekontor til opne kontorlandskap. Etter kvart har mange endra kontorlokala til aktivitetsbaserte kontorløysingar.

Ei ny studie som STAMI har bidratt i, peikar på at kontorløysinga kan påverke samhandlinga mellom tilsette.

Forskarane fann at tilsette i tradisjonelle, opne kontorlandskap har større risiko for å bli utsette for mobbing enn tilsette som jobba på cellekontor eller i mindre, delte kontor.

– Kontorløysinga er ein viktig del av det fysiske arbeidsmiljøet. Denne studien tyder på at korleis arbeidsplassen er utforma, òg kan ha noko å seie for dei sosiale relasjonane på jobb, seier Morten Birkeland Nielsen, forskar ved STAMI og medforfattar av studien.

Ikkje alle opne kontorløysingar var like

Forskarane undersøkte over 3 300 arbeidstakarar i Sverige og samanlikna ulike kontorløysingar.

Resultata viste at den auka risikoen for mobbing berre gjaldt tradisjonelle, opne kontorlandskap. I aktivitetsbaserte kontorløysingar fann forskarane ingen tilsvarande auke i risiko.

Tilsette i tradisjonelle, opne kontorlandskap rapporterte òg lågare jobbtilfredsheit.

Både i tradisjonelle kontorlandskap og aktivitetsbaserte kontor hadde tilsette i større grad planar om å byte jobb enn tilsette med eige eller mindre, delt kontor.

Mindre kontroll

Studien kan ikkje seie sikkert kvifor samanhengen finst, men forskarane peikar på fleire moglege forklaringar.

I eit tradisjonelt, ope kontorlandskap er det mindre privatliv, fleire avbrot og færre høve til å trekkje seg unna dersom det oppstår konfliktar eller spenningar. Små irritasjonar kan byggje seg opp over tid. Dei tilsette kan oppleve å ha mindre kontroll over både arbeidsmiljøet og dei sosiale omgjevnadene.

Forskarane understrekar at dette er moglege forklaringar. Studien viser ein samanheng, men kan ikkje slå fast at kontorløysinga i seg sjølv er årsaka til mobbing.

Handlar ikkje om personlegdom

Ein styrke ved studien er at forskarane tok omsyn til ei rekkje forhold som kan påverke resultata. Mellom anna personlegdom, alder, tilgang til heimekontor og kor mykje tid deltakarane faktisk jobba på kontoret.

Den auka risikoen for mobbing i tradisjonelle, opne kontorlandskap var framleis til stades etter desse justeringane.

– Resultata peikar mot at mobbing kan bli påverka av fysiske faktorar på arbeidsplassen, og ikkje nødvendigvis berre av personane som jobbar der. Det betyr at førebygging også bør rette seg mot korleis arbeidet og arbeidsplassen blir organiserte, seier Nielsen.

Les vitenskapelig artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk