Fleire verksemder har dei siste tiåra flytta til meir arealeffektive kontor. Samtidig har fleire tilsette byrja å veksle mellom å arbeide heime og på kontoret.

Dette har endra korleis verksemder bruker og utformar kontor, og aktivitetsbaserte kontor har blitt eit meir vanleg konsept.

Der har tilsette gjerne ikkje faste plassar, men skal arbeide i ulike soner som skal passe til ulike arbeidsoppgåver og preferansar. I aktivitetsbaserte kontor er areala derfor delt opp i individuelle arbeidsstasjonar, soner med gruppebord, telefonrom og møterom, og uformelle salong-soner.

– Målet med aktivitetsbaserte kontor er å skape betre samarbeid, innovasjon og kostnadseffektivitet, og det skal passe til ein moderne og tilpassingsdyktig organisasjonskultur. Og det er interessant å undersøke korleis dette virkar i ulike samanhengar, seier Randi Hovden Borge, som er forskar på STAMI.

Forsking i ulike retningar

Tidlegare er det andre typar kontorutforming som har vore meir vanleg, som cellekontor, delte kontor og kontorlandskap – alle med faste plassar. No studerer derfor STAMI korleis overgang frå tradisjonelle kontorkonsept til aktivitetsbaserte kontor påverkar arbeidsmiljø.

Det som finst av forsking om aktivitetsbaserte kontor er varierande og vanskeleg å samanlikne. Det er forsking frå mange ulike fagdisiplinar, basert på ulik teori og metode, og resultata går i mange retningar.

Derfor har Randi Hovden Borge på STAMI gjennomført den første metaanalysen som samlar teoretiske perspektiv og kvantitativ evidens om aktivitetsbaserte kontor. Saman med Ann Sophie Lauterbach på Teknisk universitet i Dresden, har Randi samanlikna 35 studiar med til saman nesten 8000 deltakarar.

Endringar påverkar arbeidsmiljøet

Dei fann at ein overgang frå tradisjonelle kontorutformingar til aktivitetsbaserte kontor har samanheng med endringar i arbeidsmiljøet. Og det er særleg fire utfall som går igjen:

  • Meir fysisk aktivitet i løpet av arbeidsdagen
  • Meir kontakt med kollegaer
  • Høgare jobbkrav
  • Mindre jobbstress

Dette er ikkje eintydig positive eller negative utfall, det vil vere avhengig av konteksten.

Men ein kan ha som utgangspunkt at fysisk aktivitet, kontakt med kollegaer og mindre stress er positivt, medan høgare jobbkrav kan vere negativt.

Ulikt i offentleg og privat sektor

Desse fire utfalla var ganske like i privat og offentleg sektor. Men i offentleg sektor hadde overgangen i tillegg samanheng med negative konsekvensar, som lavare autonomi, dårlegare kollegarelasjonar og lavare jobbtilfredsheit.

Av desse var det lavare autonomi som hadde sterkast samanheng med overgangen for offentleg tilsette. Autonomi handlar mellom anna om kor vidt ein oppfatter å kunne påverke korleis ein skal gjere arbeidet.

– Autonomi er ekstra interessant, fordi autonomi er trekt fram som ein av dei viktigaste fordelane med aktivitetsbaserte kontor. Så her er det viktig å prøve å forstå kvifor tilsette i det offentlege opplever at dei har mindre kontroll over arbeidet i aktivitetsbaserte kontor, seier Borge.

Ulike forventingar

I privat sektor var overgang til aktivitetsbaserte kontor i tillegg forbunde med fleire positive utfall. Særleg betre kollegarelasjonar, og sterkare oppleving av å kunne jobbe i fred (dette er omtalt i studien som privacy).

– Det kan henge saman med at fleire i privat sektor allereie har opent kontorlandskap, så å flytte til aktivitetsbaserte kontor kan ha gjort det lettare å trekke seg tilbake og jobbe uforstyrra, enn det var før, seier Borge.

Ho meiner at skilnadane mellom offentleg og privat sektor kan handle om at det er ulike forventingar til endringar i sektorane.

– Dei tilsette kan oppleve endringar på ulike måtar i privat og offentleg sektor. Denne typen kontorkonsept og opne kontorløysingar generelt, har vore meir vanleg i privat sektor over lenger tid, mens det er relativt nytt i delar av offentleg sektor, seier ho.

Meir enn bra og dårleg

Det er også andre moglege forklaringar. Det kan vere at det i privat og offentleg sektor er ulike typar arbeidsoppgåver, ulike måtar å gjennomføre endringane på, ulike måtar å bruke dei nye kontorfasilitetane på, og at kontora rett og slett er ulikt utforma.

– Det tyder på at det er lurt å vere forsiktig med å snakke overordna om kor vidt aktivitetsbaserte kontor er bra eller dårleg. For det vil truleg slå ut ulikt i ulike verksemder med ulike utgangspunkt, seier Randi.

Viktige faktorar for ein god endringsprosess

Når ei verksemd skal flytte til nye kontor eller endre kontoret, er det avgjerande korleis ein gjennomfører endringsprosessen. Gjennom forsking på leiing i endringsprosessar veit vi at det er nokre faktorar som er viktig for å få eit godt resultat:

  • Grundig behovskartlegging og risikovurdering
  • Involvere tilsette til å medverke tidleg i prosessen
  • Evaluere prosessen kontinuerleg
  • Ta tak i utfordringar raskt
  • Mogleg med tiltak utan å måtte gjere større fysiske endringar