For å kunne førebygge sjukdom og skade mest mogleg effektivt, er det avgjerande å ha oversikt over arbeidsmiljøutfordringane.

NOA er nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og -helse ved STAMI, og presenterer utvikling og status for tilhøve i arbeidsmiljø som påverkar arbeidshelse.

I 2023 har STAMI lansert ein ny nettstad for NOA, med nye funksjonar og ny struktur, som gjer det enklare å finne statistikken ein leiter etter.

Nettstaden finn du her:

NOA – statistikk om arbeidsmiljø

Tilgjengeleg for alle

noa.stami.no publiserer vi det nasjonale faktagrunnlaget innan arbeidsmiljø og helse i Noreg.

Her finn ein tal og statistikk for ulike yrke og næringar, som kan være til god hjelp når ein skal jobbe med å styrke arbeidsmiljøet.

– Alle delar av arbeidslivet kan ha god nytte av kunnskapen om arbeidsmiljø som er tilgjengeleg gjennom NOA. Når ein har oversikt over faktagrunnlaget, kan tilsette og leiinga i ei verksemd, tillitsvalde, verneombod og bedriftshelsetenester, lettare ta tak i utfordringar med arbeidsmiljøet, seier Therese Hanvold, direktør ved STAMI.

Finn ditt yrke og di næring

Med utgangspunkt i etablert, forskingsbasert kunnskap og nasjonal statistikk, presenterer NOA faktakunnskap om tilstanden i ulike yrke og næringar. For kvart yrke og kvar næring finn du tilstanden for arbeidsmiljø, helse, sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Ein god måte å få oversikt over situasjonen til den næringa arbeidsplassen din høyrer heime i, er å studere arbeidsmiljøprofilane. Her viser figurar korleis sysselsette opplever ulike utfordringar i arbeidsmiljøet, samanlikna med gjennomsnittet for alle sysselsette.

Du kan også sortere statistikken etter kva forhold du blir eksponert for (som nattarbeid, støy, eller tunge løft), eller etter kva helseutfall desse eksponeringane kan gi (som sjukdom, skader, eller sjukefråvær).

Den enklaste oversikta kan du finne i NOA+, som gir ei samanstilling av situasjonen for arbeidsmiljø og arbeidshelse i kvar næring.

Dette er berre nokre eksempel på framstillingar av kunnskapen på noa.stami.no. På sida finn du også råd og tips om korleis du best kan finne fram i statistikken.

Grunnlaget for god førebygging

Arbeidsmiljøet er eit viktig verkemiddel som kan bidra til å utvikle produktive arbeidsplassar, mellom anna gjennom å fremje jobbmotivasjon og å førebygge helseproblem.

Grunnlaget for å arbeide effektivt og førebyggande med arbeidsmiljø, er å ha faktakunnskap om dei konkrete arbeidsmiljøutfordringane du står overfor i eigen næring eller yrke.

Arbeidsmiljøet handlar om sjølve arbeidet, og er knytt til korleis ein organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet. For å kunne presentere ei heilskapleg oversikt, inkluderer noa.stami.no faktakunnskap og statistikk om eit breitt utval faktorar ved arbeidsmiljøet.