Det viser ein ny rapport frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Avløpsvatn inneheld mange mikroorganismar som virus og bakteriar, frå menneske og miljø.

Når vatnet blir reinsa i anlegga, kan små luftborne partiklar som inneheld levande eller dødt biologisk materiale (bioaerosolar) bli kvervla opp i lufta.

Tidlegare har ein visst ein del om bakteriar i slike partiklar, men lite om virus. Derfor ønskte forskarane å finne ut om virus faktisk finst i lufta på norske reinseanlegg, kor mykje arbeidarar blir eksponerte, og kva helseplager det kan gi.

Blanding av bakteriar, virus og andre stoff

Undersøkingane viser at tilsette på avløpsanlegg pustar inn luft som inneheld ei blanding av bakteriar, virus og andre stoff frå kloakken. Denne blandinga kan irritere kroppen og gi betennelsesreaksjonar.

Virus vart påvist i lufta ved alle arbeidsstasjonane der STAMI har gjort målingar. Det vart påvist sjukdomsframkallande virus (adenovirus, influensa A virus og norovirus) i 22 prosent av luftprøvene.

Likevel vart det påvist Pepper mild mottle virus (PMmoV) i 69 prosent av alle prøvene. Det er eit plantevirus i paprika som er lett å oppdage, og fungerer som ein indikator for at virus er spreidd via menneskeleg avføring.

Dette betyr at virus kan spreie seg meir i lufta enn det målingane av utvalde sjukdomsframkallande virus viste.

I omtrent ein tredel av målingane var nivået av bakteriestoff (endotoksiner) høgare enn den tilrådde grenseverdien. Dei fleste luftprøvene viste også teikn til at dei kan trigge immunforsvaret til kroppen.

Betre vern

Dette skjer sjølv om anlegga allereie har tiltak for å redusere eksponeringa. Rapporten peikar på at det er viktig å gjere endå meir for å verne dei tilsette.

Gode tiltak kan vere:

  • betre ventilasjon
  • meir tildekking av område med høg risiko
  • meir bruk av automatiserte løysingar
  • kortare tid i utsette arbeidsoppgåver
  • godt verneutstyr som vernar luftvegane og ansiktet
  • jamleg og grundig reinhald

Studien viser også at virus og bakteriar spreier seg litt ulikt. Virus følgjer lettare med lufta frå vatnet, medan bakteriar oftare heng saman med slam. Dette er viktig å ta omsyn til i HMS-arbeidet.

Undersøkingane viser vidare at innløpsristene, der kloakken kjem inn, er der det er høgast risiko. Resultata tyder også på at måten anlegga er bygde og kor godt dei blir reingjorde, har mykje å seie for kor mykje dei tilsette blir utsett for.