Mikroplast er ei miljøforureining som dei siste åra fått mykje merksemd. I arbeidslivet møter ein partiklar av mikroplast, ofte saman med andre stoff i lufta.
I mellom anna avfalls- og gjenvinningsanlegg, komposteringsanlegg og fuktskadde bygg kan arbeidstakarar puste inn både mikroplast og sopp-partiklar på same tid.
Dei fleste studiar har til no undersøkt desse eksponeringane kvar for seg.
Realistisk blanding
I arbeidslivet blir menneske sjeldan eksponerte for berre éin type partiklar.
– Difor ville vi undersøkje korleis immunceller reagerer når dei møter ei meir realistisk blanding av mikroplast og biologiske partiklar, seier Anani K. Afanou, seniorforskar ved STAMI og førsteforfattar av studien.
I den nye studien undersøkte STAMI-forskarar korleis immunceller reagerte når dei blei eksponerte for mikroplast saman med soppsporar eller soppfragment.
Soppfragment gav den sterkaste responsen
Forskarane eksponerte immunceller for mikroplast av typen HDPE, både åleine og i kombinasjon med soppsporar og soppfragment frå Aspergillus fumigatus.
Resultata viste at kombinasjonen av mikroplast og soppfragment gav ei tydeleg frigjering av betennelsesstoffa IL-6 og IL-8. Når mikroplasten blei kombinert med soppsporar, blei det hovudsakleg frisett IL-6.
– Funna tyder på at soppfragment kan vere viktigare enn soppsporar når det gjeld å utløyse betennelsesreaksjonar. Det er interessant fordi risikovurderingar ofte har hatt størst merksemd på soppsporar, seier Afanou.
Viktig å studere blandingar
Forskarane fann ikkje at mikroplast åleine gav den sterkaste immunresponsen. I staden tyder resultata på at mikroplast kan påverke korleis kroppen reagerer når han samstundes blir utsett for biologiske partiklar.
Studien viser òg at dei undersøkte konsentrasjonane av mikroplast ikkje gav akutte skadar på cellene. Derimot såg forskarane endringar i frigjeringa av signalstoff som immunsystemet bruker for å regulere betennelsesreaksjonar.
– Resultata understrekar at vi ikkje alltid kan vurdere helserisiko ut frå ei eksponering om gongen. Korleis ulike partiklar verkar saman, kan vere vel så viktig, seier Afanou.
Kan gi betre risikovurderinger
Forskarane understrekar at studien er gjort i laboratoriet på ein modell av menneskelege immunceller. Ho seier difor ikkje direkte korleis slike eksponeringar påverkar menneske i arbeid.
Likevel kan resultata bidra til å forstå biologiske mekanismar som medverkar til utvikling av helsesymptom eller sjukdom.
Afanou meiner funna kan bidra til betre vurdering av helserisiko i arbeidsmiljø med samansett eksponering.
– Skal vi forstå korleis eksponering i arbeidslivet påverkar helsa, må vi studere kombinasjonar av partiklar. Ikkje berre kvar enkelt komponent isolert, konkluderer han.