Løysinga heitte tidlegare Expo Online, og no er den lansert på nytt. Med nytt namn, nytt design og fleire funksjonar som skal gjere det enklare å samle, lagre og bruke eksponeringsdata i det systematiske arbeidsmiljøarbeidet.

Målet er å gjere eksponeringsinformasjon meir tilgjengeleg og lettare å bruke for dei som jobbar med arbeidsmiljø i praksis.

– Vi ønskjer at verksemdene skal få betre oversikt over eksponeringane i eige arbeidsmiljø og lettare kunne bruke dataa som grunnlag for førebyggjande tiltak, seier prosjektleiar Nora Knoph Berg-Eriksen.

Bak den nye løysinga ligg eit omfattande utviklingsarbeid som starta med kartlegging av behovet til brukarane våren 2025. Prosjektet har fått støtte frå Medfinansieringsordningen.

Utvikla med brukarane

Brukermedverknad har vore ein sentral del av arbeidet. Bedrifter og bedriftshelsetenester har delt erfaringar, testa funksjonalitet og gitt tilbakemeldingar gjennom heile prosessen.

– Det har vore svært verdifullt å utvikle løysinga saman med dei som skal bruke henne. Vi har møtt eit fagmiljø med stor kompetanse og eit genuint engasjement for arbeidsmiljøspørsmål, seier fagansvarleg Ragnhild Strand Østrem.

Sjølv om den nye versjonen no er lansert, held utviklingsarbeidet fram. Fleire funksjonar er allereie under planlegging. Mellom anna betre funksjonar for å organisere data på avdelingsnivå, meir fleksibel brukaradministrasjon, og nye måtar å visualisere utvikling over tid.

Meir enn eit register

Målet er at Expo både skal fungere som eit register for måledata, og i tillegg som eit verktøy som gjer det enklare å omsetje kunnskap om eksponering til praktiske førebyggjande tiltak.

– Lanseringa markerer ikkje slutten på prosjektet, men starten på den vidare utviklinga. No får vi høve til å byggje vidare på erfaringane frå brukarane og gjere løysinga endå betre, seier Strand Østrem.

Eit velfungerande eksponeringsregister er viktig for eit betre kjemisk arbeidsmiljø og eit godt HMS-arbeid, i følgje Nils Petter Skaugset, som er avdelingsdirektør for kjemisk og biologisk arbeidsmiljø på STAMI.

– Når STAMI saman med aktørane i arbeidslivet vidareutviklar Expo til ei raskare og enklare løysing, gagnar det både verksemder, forsking og oversikta til styresmaktene, seier han.

Les meir om Expo