Andreas Holtermann er tilsett som ny avdelingsdirektør for NOA (Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og arbeidshelse), som er STAMI sin avdeling for statistikk og fakta om arbeidsmiljø og arbeidshelse.

Holtermann kjem frå stillinga som professor og forskingssjef ved Det Nationale Forskningscenter for Arbejdsmiljø (NFA) i Danmark. Han er opphavleg frå Stamsund i Lofoten, er utdanna i Trondheim og vender no tilbake til Noreg etter 19 år i Danmark.

Første arbeidsdag på STAMI er 1. august.

– Eg gler meg veldig til å byrje ved STAMI. Instituttet har ein unik posisjon i norsk arbeidsliv, og eg kan sjå at det nyt stor tillit hos både styresmakter, partane i arbeidslivet og forskingsmiljøa. Eg er imponert over det sterke datagrunnlaget, dei viktige produkta frå NOA om arbeidsmiljø og arbeidshelse, og det solide arbeidet som er bygd opp ved NOA gjennom mange år, og eg ser fram til å halde fram dette arbeidet og å vidareutvikle NOA, fortel han.

Kjenner norsk forsking og arbeidsliv

Holtermann har gjennom mange år samarbeidd med STAMI i forskingsprosjekt, faglege aktivitetar og metodeutvikling. Han har også nyleg vore medlem av Kvinnearbeidshelseutvalget saman med representantar frå mellom anna STAMI, partane i arbeidslivet og andre sentrale aktørar i Noreg.

– Noreg har sterke tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, partane og kunnskapsmiljøa i arbeidslivet. Det er ein av dei tinga eg verkeleg gler meg til å bli ein del av. Eg ser fram til å møte arbeidslivsaktørar over heile landet og bidra til at forsking og kunnskap kan skape verdi for arbeidsplassar, arbeidstakarar og samfunnet samla sett, seier Holtermann.

Fagleg tyngd kjem STAMI til gode

STAMI-direktør Therese Hanvold er svært glad for å få Andreas Holtermann med på laget som ny avdelingsdirektør for NOA.

– Andreas er ein internasjonalt anerkjend forskar med omfattande erfaring innan forsking på mekaniske og fysiske arbeidsforhold og førebygging av muskel- og skjelettplager. Hans faglege tyngde og breie nettverk vil styrkje arbeidet til instituttet på eit område som er viktig for norsk arbeidsliv.

Gjennom karrieren sin har Holtermann arbeidd med korleis arbeidsmiljø og arbeid påverkar helse gjennom heile yrkeslivet. Han har forska på førebygging av sjukefråvær, muskel- og skjelettplager og tidleg tilbaketrekking frå arbeidslivet, og har leidd ei rekkje større forskingsprosjekt basert på arbeidsplasstudium og arbeidsplassmålingar.

– Andreas fører med seg både forskingsleiing og ei sterk evne til å byggje bru mellom forsking, overvaking og praktisk arbeidsmiljøarbeid. Eg ser fram til å samarbeide med han om den vidare utviklinga av avdelinga og instituttet samla sett. Eg ønskjer Andreas hjarteleg velkommen og ser fram til eit tett og godt samarbeid i åra som kjem, seier Hanvold.