Dette er ikkje lenger science fiction, men ein realitet for mange arbeidstakarar i Europa og resten av verda.

Digitalisering og kunstig intelligens gjer det mogleg å styre og evaluere arbeidstakarar ved hjelp av automatiserte system.

Eit europeisk forskingsprosjekt viser at denne forma for «algoritmisk leiing» kan få store konsekvensar for arbeidsmiljø og helse.

På veg inn i tradisjonelle bransjar

Det europeiske forskingsprosjektet heiter ALMA, og består av bidrag frå åtte europeiske arbeidsmiljøinstitutt i PEROSH-nettverket, med STAMI som norsk deltakar.

ALMA er ei forkorting for Algorithmic Management, som vi på norsk kan kalle algoritmisk leiing. Det betyr at digitale system baserte på kunstig intelligens blir brukte til å fordele oppgåver, planleggje arbeidstid, overvake prestasjonar, og i nokre tilfelle vurdere påskjønning eller sanksjonar.

– Slike system vart først tekne i bruk i plattformarbeid, som bodtenester og sjåførtenester, men er no på veg inn i meir tradisjonelle bransjar som lager, transport, kundeservice, helse og finans, fortel Therese Dalsbø.

Ho er forskar på STAMI og deltakar i rapporten som er eit resultat av prosjektet om ALMA-AI.

Målet med prosjektet er å undersøkje forskinga som har sett på kva konsekvensar slike system kan ha for arbeidsmiljø og arbeidshelse, og lage eit grunnlag for førebygging og regulering.

Forskarane har spesielt undersøkt korleis algoritmisk styring med kunstig intelligens kan påverke sentrale psykososiale faktorar i arbeidslivet, med særleg søkjelys på tryggleik og helsemessige konsekvensar.

Vil du lære meir om KI og arbeidsmiljø?

27. januar 2026 arrangerer PEROSH eit webinar der funna frå Alma-AI-prosjektet blir presenterte og diskuterte. Webinaret er gratis.

Dette viser forskinga

Dei har gått gjennom over 600 vitskaplege artiklar og rapportar, og analysert 39 studiar publiserte mellom 2022 og 2024.

På bakgrunn av det arbeidet, har dei laga ein rapport der hovudbiletet er tydeleg: Jo meir omfattande algoritmisk styring er, desto større er risikoen for psykososiale belastningar og helseplager.

Studiane viser mellom anna samanhengar mellom høg bruk av algoritmisk leiing og:

  • auka arbeidstempo og tidspress
  • mindre sjølvråderett i jobben
  • svekt tillit og samarbeid
  • uvisse rundt korleis vurderingar og avgjerder blir tekne
  • auka stress, søvnproblem og risiko for å bli utbrent

Teknologien kan bidra positivt

I nordiske undersøkingar rapporterte tilsette mykje høgare stressnivå der algoritmisk leiing vart brukt på fleire område samtidig, til dømes til planlegging, overvaking og prestasjonsmåling.

Samtidig viser forskinga at teknologien ikkje treng å vere skadeleg i seg sjølv. Det kan vere mogleg å bruke teknologien på ein måte som kan bidra positivt i arbeidsmiljøet.

– Der systema blir brukte ope, med tydeleg formål, menneskeleg tilsyn og reell medverknad frå tilsette, kan dei også bidra til betre planlegging og meir føreseieleg arbeidskvardag, understrekar Dalsbø.

Behov for nye reglar og praksisar

EU har no vedteke ei eiga forordning om kunstig intelligens (EU AI Act), der system for algoritmisk leiing blir rekna som høgrisiko-teknologi. Det betyr at arbeidsgivarar får nye plikter knytt til risikovurdering, openheit og menneskeleg kontroll.

Resultata frå Alma-AI-prosjektet viser derfor at det er eit behov for å inkludere algoritmisk leiing og KI i det systematiske HMS-arbeidet.

Skal ny teknologi bidra til eit berekraftig arbeidsliv, må ein utforme og bruke den på ein måte som tar vare på både effektivitet, helse og arbeidstakarar sine rettar.