
Tal frå STAMI viser at om lag 850.000, eller 32 prosent av sysselsette i Noreg, jobbar utanom dagtid, inkludert skift eller turnus. Det å gå rett frå ei kveldsvakt til ei dagvakt etter berre nokre få timars kvile, er ein realitet for mange arbeidstakarar.
Lista blir toppa av yrkesgrupper som flygarar, servitørar, politi, brann- og ambulansepersonell, helsearbeidarar og buss- og taxisjåførar.
Kunnskap frå forsking viser at både skift- og nattarbeid kan ha negative konsekvensar søvn, helse og tryggleik. No kastar nye studiar frå Universitetet i Bergen , med STAMI som bidragsytar, lys over fenomenet.
Ein time søvn tapt – natt etter natt
I eit kontrollert laboratorieforsøk let forskarane deltakarane gå gjennom to ulike vaktscenarium: eitt med åtte timars kvile mellom ei kveldsvakt og ei dagvakt, og eitt med seksten timars kvile mellom to dagvakter.
Forskjellen var markant. Deltakarane i gruppa med kort kviletid fekk rundt éin time mindre søvn enn elles. Og det var ikkje berre kvantiteten som vart ramma. Også kvaliteten gjekk ned: dei sov mindre i djup- og REM-søvn, fasane som er mest avgjerande for restitusjon og læring.
Anette Kristoffersen Harris og Morten Birkeland Nielsen, som begge er forskarar på STAMI, har jobba med nye studiene, og meiner kort kviletid mellom vakter er dårleg nytt for søvnen.
─ Vi ser at det både blir mindre søvn og søvn av dårlegare kvalitet. Over tid kan dette få konsekvensar for helse, funksjonsevne og tryggleik, sier Harris.
Trøyttare, men framleis fungerande
Eit anna forsøk undersøkte ikkje berre søvnen, men også korleis deltakarane fungerte på dagtid etter ein kort kvileperiode. Resultata viste at deltakarane rapporterte langt høgare grad av søvnigheit når dei hadde hatt åtte timar mellom vaktene. Likevel var humøret og den kognitive prestasjonen, målt gjennom merksemdtestar og oppgåveutføring, ikkje vesentleg svekt.
Det kan verke som ei god nyheit – at ein kan yte like godt sjølv om ein kjenner seg trøyttare. Men Stamiforskerne åtvarar mot å trekkje forhasta konklusjonar.
─ At vi ikkje ser ein uvilkårleg reduksjon i prestasjonsevne, betyr ikkje at det er ufarleg. Auka søvnigheit i seg sjølv er ein risikofaktor. Det påverkar merksemd og reaksjonstid, og når dette gjentek seg over fleire vakter, aukar faren for feil og ulykker, understrekar forskarane.
Når uro ikkje er forklaringa
Ein tredje studie undersøkte om søvnvanskane kunne forklarast av meir uro eller grubling ved leggjetid. Forskarane fann ingen teikn til økt «uro før innsovning» hos dei som hadde kortare kvile mellom vakter. Med andre ord: deltakarane låg ikkje meir vakne og bekymra seg, men dei fekk likevel dårlegare søvn.
─ Dermed kan vi tenkje oss at det ikkje er grubling, men den korte tida mellom vaktene som gjer at søvnen blir både kortare og meir overflatisk, seier Nielsen.
Kva betyr dette i praksis?
Sjølv om desse studiane vart gjennomførte under kontrollerte forhold, gir dei eit bilete av kva mange arbeidstakarar opplever i kvardagen. Når kvileperioden mellom vakter blir redusert, taper ein ikkje berre søvnlengd, men også den mest gjenoppbyggjande søvnen.
─ Funna våre viser at arbeidstidsordningar med korte pausar mellom vakter har ein klar innverknad på søvnen. Det betyr at korleis vi organiserer arbeidstid ikkje berre er eit praktisk spørsmål, men også eit helse- og arbeidsmiljøspørsmål, avrundar Harris og Nielsen.