Mange arbeidstakarar ser ein samanheng mellom dårleg søvn og forhold i arbeidet.

30 prosent av arbeidstakarar i Noreg oppgir at dei har hatt problem med dårleg søvn, som er ein oppgang frå 25 prosent i 2009. 12 prosent av desse oppgir at desse problema har samanheng med forhold i arbeidet.

Årsakssamanhengane mellom faktorar i arbeidsmiljøet og søvnvanskar er samansette, og det er ikkje konsensus om forholdet mellom desse to.

Treng kunnskap for å forebygge

Å forstå kva slags mekanismar som knyter arbeidsmiljø til søvnvanskar, og mekanismane som knyter søvnvanskar til helse og tryggleik, er viktig for å kunne finne gode tiltak som kan forebygge desse problema.

– Tidlegare forsking viser at psykososiale forhold på arbeidsplassen, samt skiftarbeid og nattarbeid er dei mest relevante faktorane for korleis arbeidsmiljøet kan påverke søvn, seier Dagfinn Matre, som er seniorforskar på STAMI.

Han seier at sosial støtte og høg grad av jobbkontroll er eksempel på psykososiale forhold som gir færre problem med søvn. På den andre sida er høge jobbkrav og mobbing nokre vanlege forhold som gir meir søvnvanskar.

Søvn påverkar arbeidet

Søvn kan også påverke kvalitet og tryggleik i arbeidet, og i tillegg arbeidstakarar si helse.

Studiar viser at sysselsette med søvnvanskar oftare har redusert arbeidsevne, høgare sjukefråvær, og ein større risiko for å bli arbeidsufør, samanlikna med personar utan søvnvanskar.

– Vi veit også frå forsking at sysselsette med søvnvanskar også har ein høgare risiko for å bli utsett for arbeidsulykker. Ein kunnskapsoppsummering har estimert at 13 prosent av arbeidsulykkene kan skuldast søvnvansker, seier Matre.

Søvnvanskar er eit spesielt stort problem blant skiftarbeidarar. Og skiftarbeid over lenger tid kan ha negative helsekonsekvensar, som ulike sjukdomar og helsemessige plager.

Les meir om arbeidstid, helse og tryggleik

Kurs om søvn og arbeid

I april skal STAMI halde eit kurs i regi av NIVA (Nordisk institusjon for vidareutdanning innanfor arbeidsmiljøområdet) om akkurat desse problemstillingane.

– Kurset skal gi oppdatert kunnskap om korleis arbeidsmiljø påverkar søvn, og omvendt. Det skal handle om både kortsiktige og langsiktige konsekvensar av utilstrekkeleg søvn, og vil også handle om forebygging, og ein av leiarane av kurset.

Finn meir informasjon om kurset og påmelding her

Målet med kurset er å gi deltakarane ny og oppdatert kunnskap om:

  • dei biologiske søvnmekanismane
  • korleis arbeidsmiljøet kan påverke søvn
  • korleis dårleg og usamanhengande søvn kan auke risiko for ulykker, helseplager og sjukdom

– Dette kurset vil vere relevant for tilsette i bedriftshelsetenesten, ph.d.-studentar, postdoktorar og forskarar som er tidleg i karrieren. Det kan også være aktuelt for meir erfarne forskarar og andre stillingsgrupper som treng ein oversikt over feltet arbeidshelse, søvn og sikkerhet, seier Matre.