Nye måtar å arbeide på kan føre med seg nye utfordringar for arbeidsmiljøet.
Nye digitale teknologiar påverkar arbeidslivet på mange ulike måtar. Det gir nye høve til å auke effektivitet og produktivitet i mange arbeidssituasjonar, mens det samtidig kan føre til usikkerheit og ukjende risikofaktorar.
Fem prioriterte område
Det europeiske arbeidsmiljøorganet EU-OSHA organiserer kampanjen «Godt og trygt arbeidsmiljø i eit digitalt arbeidsliv». Dette er ein ny kampanje, og målet er å skape merksemd om korleis nye digitale teknologiar påverkar arbeidslivet, og korleis ein handterer desse.
I Noreg er det Arbeidstilsynet som leiar kampanjen, i samarbeid med STAMI og arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane i det norske arbeidslivet.
Kampanjen «Godt og trygt arbeidsmiljø i eit digitalt arbeidsliv» har framheva fem prioriterte område der digitalisering vil kunne påverke arbeidsmiljøet:
- arbeid på digitale plattformar
- robotikk: automatisering av oppgåver
- fjernarbeid og hybridarbeid
- personalstyring ved bruk av KI
- smarte digitale system
Webinar om kampanjen
Onsdag 25. oktober arrangerte Arbeidstilsynet eit webinar for å sparke i gang kampanjen. Her var temaet kva som skal til for å lykkast med å ta i bruk digitale løysingar i arbeidet som kunstig intelligens, robotisering, maskinlære eller sensorar som kan måle stress.
STAMI-forskar Lars Kristian Lunde arbeider med å samle kunnskap om korleis ny teknologi påverkar arbeidslivet. Han deltar i webinaret, og snakkar først og fremst om korleis meir bruk av fjernarbeid kam påverke arbeidsmiljø og arbeidshelse.
Han seier at forskinga mellom anna viser at det framover vil bli viktig å aktivt fremje ein kultur som støttar eit sterkt skilje mellom arbeid og privatliv, og arbeidstakarane si oppleving av kontroll over eige arbeid.
– Det er viktig at arbeidstakarane ikkje opplever at dei mistar kontrollen over arbeidssituasjonen sin. Derfor er støtte og opplæring – og høve til medverknad – viktig. Nettopp det kan vere ekstra viktig å ta med seg i dagens arbeidssituasjon, der dei fleste av oss både opplever meir fjernarbeid, innføring av ny teknologi og omorganisering samtidig, seier Lunde.
Dette snakkar han meir om i webinaret.