Hjem Nyheter Dei helseskadelege sjefane

Dei helseskadelege sjefane

Mange norske arbeidstakarar opplever å vere utsett for det som blir kalla trakasserande leiing. Det kan gå på helsa laus, viser forsking frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Dei fleste er einige om at dårleg leiing er kontraproduktivt og kan ha negative psykologiske effektar for dei som blir ramma. I kva grad dårlige sjefar faktisk gjer arbeidstakarar fysisk sjuke, er meir omdiskutert.

For å finne svaret på dette studerer forskarar ved STAMI effekten av ulike formar for leiing på tilsette sin psykiske og fysiske helse.

Utbreiinga av trakasserande leiing har på STAMI nylig blitt undersøkt ved at over 1500 personar svarte på om dei hadde ein leiar som latterleggjorde dei, kritiserte dei med andre tilstade, kom med negative merknader om dei til andre, eller sa dei var udugelege. Tala viste at om lag 4,3 prosent svarer klart stadfestande på eitt eller flere av desse spørsmåla.

Kor farleg er dårleg leiing?

Johannes Gjerstad er forskar ved STAMI og professor i fysiologi ved Universitet i Oslo, og har jobba med temaet stress og helse i ei årrekke.

Skal ein auke forståinga for kva leiing faktisk er og korleis det virkar, er det ifølge Gjerstad viktig å ta inn over seg at det eksisterer eit asymmetrisk maktforhold mellom leiar og underordna. Ein anna viktig faktor er at arbeidstakarane i stor grad er avhengige av leiaren for å få gjort jobben sin på ein god måte.

– Å bli hakka på, latterliggjort eller stengt ute frå fellesskapen av næraste leiar, kan ein derfor oppleve svært trugande. Dette gir ei oppleving av sosialt nederlag. Derfor er trakasserande leiing ein sterk psykososial belastning for dei som blir utsette for det, forklarer Gjerstad.

Dette påverkar arbeidstakaren sitt medvit, tankar, sinnsstemning og arbeidsmotivasjon, men kan også ha alvorlege fysiologiske langtidseffekter.

Sosiale nederlag i form av mobbing og trugslar påverkar også basale delar av hjernestammen.

– Menneske er sosiale individ som i titusenvis av år har vore heilt avhengige av den gruppa dei tilhører. Dette er ein avhengnad som har fremja overleving, forklarer Gjerstad.

– Å vere avhengig av gruppa ligg i genane våre – og derfor blir maktspråk som set oss utanfor denne livsviktige fellesskapen, ekstra trugande.

Gjer folk fysisk sjuke

I mange tidlegare studier er det vist at det å bli utsett for kraftig sosialt stress som mobbing eller trakassering på arbeidsplassen truleg fremjar både angst, søvnproblem og smerte.

Vidare viser nye data at slikt sosialt stress kan gi langvarige endringar i både hjernen (hypofysen) og immunsystemet. Delar av desse fysiske endringane viser seg å vere relatert til stresshormonet noradrenalin, samt endringar i milten sine immunceller framkalla av stress, som tidlegare er vist å forårsake betennelse og nedsett almenntilstand.

– Dette viser at det å bli utsett for gjentatte sosiale nederlag også kan gjere folk fysisk sjuke. Dette er nytt og har tidlegare fått lite merksemd, seier Gjerstad.

Dei viktige genane

Ei rekke miljøfaktorar påverkar helsa vår, men også individuelle forhold, som for eksempel genetiske faktorar, speler inn. Derfor vil graden av psykiske og fysiske helseplager som følge av sosialt stress variere frå person til person.

STAMI si forskning viser at fleire genetiske faktorar er viktige for dei stressinduserte endringane som skjer i hypofysen, i hormonstatus og i immunsystemet ved sosialt stress. Slike endringar kan også fremje inflammasjon og gi nedsett allmenntilstand.

Vidare viser fleire nye studiar no at å inkludere genetiske faktorar i analysene gjer det mogleg å påvise samanhengar mellom arbeidsmiljø og helseplagar som elles ville blitt oversett.

– Derfor er kunnskap om korleis genetisk variasjon påverkar stressaktiveringa og påfølgande helseplager viktige, meiner Gjerstad.

Negativt sosialt stress kan på kort sikt påverke både sinnsstemning, motivasjon og arbeidsevne. Dette er effektar som kjem i løpet av minutt eller timar. Over lengre tid kjem i tillegg den fysiologiske effekta av stresseksponeringa.

– Det er desse langtidseffektane som i størst grad ser ut til å vere påverka av dei genetiske faktorane, seier Gjerstad.

Positiv leiing betyr mykje

Gjerstad meiner verksemdene utvilsamt kan påverke utviklinga framover. Men skal ein kome vidare, er det viktig å erkjenne at dårleg leiing går utover helsa til dei tilsette.

Vidare er kunnskap om kva det betyr for ein verksemd å ha gode leiarar viktig. Ein heilt fersk STAMI-studie viser at dei som i størst grad blir påverka negativt av dårlege sjefar, er dei same som blir påverka mest positivt av gode sjefar. I studien handla det spesielt om hovudpine og nakkesmerter, som er vanlege årsaker til sjukefråvær.

– Nokon blir derfor påverka meir enn andre av eigne leiarar, men det kan også vere positivt. Også positiv leiing har stor betydning for helsa til dei tilsette, seier forskaren.

Den gode nyheita er derfor at ein i stor grad kan forebygge stressrelaterte subjektive helseplager. Gode leiarar er viktige – spesielt for arbeidstakarar som blir påverka negativt av dårlege leiarar.

Verksemdene sitt fokus på leiarrekruttering og leiarutvikling er derfor truleg viktigare enn tidlegare antatt.

– Å jobbe målretta for å utvikle leiarar som scorer høgt på positiv leiing vil gagne mange, men spesielt dei som er mest sårbare for dårlege leiarar, konkluderer Gjerstad.

Les vitskapeleg artikkel

Få nyhetsbrev
Lukk