Publisert

Sist oppdatert

  • 25. juli 2022
  1. Husk at dette er den same jobben du gjorde før sommarferien. Ikkje bruk tid og krefter på å grue deg til å jobbe. Forventingar om at noko blir negativt kan bli sjølvoppfyllande.
  2. Snu døgnrytmen til kvardagen igjen for å unngå at du føler deg trøytt og ute av form dei første arbeidsdagane. Å kjenne seg trøytt dei første dagane etter ferien er ofte jet-lag. Juster døgnrytmen til normal døgnrytme ved å legge deg tidlegare og stå opp tidleg to til fire dagar før første arbeidsdag. Les fleire råd om søvn og døgnrytme.
  3. Kutt ut alkohol dei siste to til tre døgna før første arbeidsdag – styr unna «ein siste fest». Sjølv små mengder alkohol forstyrrer kvaliteten på søvnen. For å føle seg utkvilt treng ein god søvnkvalitet og passe mengde søvn.
  4. Forsøk å stå på for fullt frå første arbeidsdag. Det finst ingen grunn til å starte forsiktig eller jobbe lite første veka. Er du effektiv, opplever du meistring og jobbtilfredsheit. Dette kan gjere resten av første veka enklare.
  5. Når du er tilbake på jobb, ha tolmod med kollegaer som fortel om sine fantastiske opplevingar i ferien. Forsøk å ikkje irritere deg eller vere misunneleg – det går berre utover deg sjølv.

→ Les også: Råd for en bedre hjemmekontorhverdag