Hjem Nyheter Podkast: Kva er eigentleg jobben til bedr[...]

Podkast: Kva er eigentleg jobben til bedriftshelsetenesta?

I 2023 har bedriftshelsetenesta fått nye reglar som definerer klarare kva som er deira samfunnsoppdrag. Kva går desse nye reglane ut på? Og kva er det som blir anleis no?

Bedriftshelsetenesta (BHT) skal hjelpe verksemder med å forebygge at tilsette blir sjuke eller skada av å arbeide. Dette er eitt av dei viktigsate verkemidla styresmaktene har til å førebygge sjukefråvær og fråfall frå det norske arbeidslivet.

Førebygging står sentralt i BHT sitt samfunnsoppdrag, men evalueringar har vist at dei i for stor grad tilbyr tenestar som ikkje er deira kjerneoppgåver.

I ein ny episode av STAMI sin podkast Arbeidsmiljørådet, forklarer STAMI-direktør Therese Hanvold kva som er bakgrunnen for å endre regelverket til BHT, og kva som no har blitt nytt i regelverket.

Du kan abonnere på Arbeidsmiljørådet i din podkast-app. Du kan også spele av podkasten i ruta over her, eller hos Spotify, Google og Apple.

Høyr fleire episodar av Arbeidsmiljørådet her

Les meir om reglane for BHT her

Få nyhetsbrev
Lukk