Å skape eit godt arbeidsmiljø som kan førebyggje arbeidsrelatert sjukefråvær, kan ha positiv innverknad på arbeidstakarar sin helse og produktivitet, og på lønnsemda til verksemda.

Det nye regelverket for bedriftshelsetenestane (BHT) skal bidra til at BHT jobbar meir målretta med førebyggjande arbeid, og med dei tilhøva i arbeidet som påverkar arbeidshelse.

Ordet arbeidshelse er sentralt det nye BHT-regelverket og vil forhåpentleg kunne bidra til å gjere målet med BHT-ordninga som eit førebyggjande arbeidsmiljøtiltak, meir tydeleg.

Konsentrere seg om dei rette tinga

Bedriftshelsetenesta DNA kompetanse i Bergen har lenge vore opptekne av å bistå verksemder med førebyggjande tiltak som kan styrke arbeidsmiljø og arbeidshelse. Mellom anna hjelper dei verksemder med å gjennomføre STAMI-verktøyet En bra dag på jobb.

For Ann-Marit Sivertsen, dagleg leiar i DNA kompetanse, er hovudoppgåva til BHT å auke kompetansen til leiarar og verneombod.

− Vi hjelper til med forståing for kva skal dei sjå etter i arbeidsmiljøet, at innsatsen er i tråd med regelverket og forsking, og å setje søkjelys på dei rette tinga, gjennom å formidle kunnskap, seier ho.

Bidreg til systematisk førebyggjing

Arbeidsmiljø handlar om korleis vi organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet vårt.

− En bra dag på jobb er eit visuelt verkemiddel og det engasjerer. Tilsette og leiarar kjenner seg igjen i situasjonane som verktøyet viser fram, seier Ingrid Mjanger Thorsnes, som er bedriftssjukepleiar i DNA kompetanse.

Dei tilrår arbeidsmiljøverktøyet En bra dag på jobb til alle kundane sine, uavhengig av om dei skal bidra i prosessen eller ikkje. Dei omtaler det som eit godt verktøy som alle kan bruke til å førebyggje sjukefråvær.

Ingrid og Ann-Marit opplever begge at verktøyet bidreg til å auke engasjementet for HMS-arbeidet.

Les meir om En bra dag på jobb her

Snakke høgt om utfordringane

Dei meiner at verktøyet bidreg til å dra tema som påverkar dei tilsette i arbeidskvardagen, inn i fellesskapet, og at ein snakkar høgt om det.

– Det er med på å sikre at det inngår i det systematiske HMS-arbeidet. Det blir enklare å knyte det til det systematiske HMS-arbeidet fordi alle har kunnskap om kva som er utfordringane, og auka forståing for kva ein skal jobbe med, seier Ann-Marit.

− Leiarar er gjerne dei siste som får vite noko når tilsette opplever utfordringar i arbeidsmiljøet. Når ein bruker En bra dag på jobb er det forventa at alle tilsette skal delta og komme med tilbakemeldingar. Dette kan bidra til betre tilbakemeldingskultur og gi leiarar betre kunnskap om arbeidsmiljøet til dei tilsette, seier ho.

Ingrid Mjanger Thorsnes har erfart at mange verksemder allereie jobbar godt med det fysiske arbeidsmiljøet. Men ho ser at det ofte er faktorane ein ikkje snakkar så mykje om, som kjem opp i En bra dag på jobb-møta.

− Vi opplever at En bra dag på jobb ofte bidreg til ei oppvakning i verksemdene. Her tar ein tak i det psykososiale og organisatoriske arbeidsmiljøet, og ikkje minst langtidseffektane som arbeidsmiljøet har på helsa. På den måten blir tilsette meir interessert i HMS og arbeidsmiljø og forstår kva desse omgrepa betyr, seier bedriftssjukepleiaren.

BHT kan legge til rette

Ein av nøkkelfaktorane bak En bra dag på jobb er det lokale partssamarbeidet. Leiinga og dei tilsette skal eige og drive prosessen sjølve for å sikre at alle er samla om kva som er viktig og rett å jobbe med hos kvar enkelt.

Som rettleiar opplever DNA kompetanse at rolla deira er å legge til rette for prosessen. Dei kan formidle kunnskap og bidra til at verksemdene set i gang gode tiltak basert på forsking, som vil bidra til betre arbeidsmiljø.

Den nøytrale rolla til BHT kan gjere at det kjennest tryggare å dele. Og rettleiarar kan følgje opp det som kjem opp og støtte leiarar i korleis dei skal stå støtt i det som kjem, og rettleie for å rette opp igjen og førebyggje basert på tilbakemeldingar frå tilsette.

– På denne måten sikrar vi at det er verksemda som eig prosessen, og vi er ein rådgivande part som hjelper ved behov, seier Ann-Marit Sivertsen.