Det å ha kontroll over arbeidssituasjonen, kan ha mykje å seie for oss. Faktisk har mangel på kontroll i arbeidet samanheng med mange ulike helseplager, og kan gi høgare risiko for sjukefråvær.

Men kvifor kan det litt abstrakte fenomenet kontroll påverke sjukefråvær på jobben?

Det forklarer STAMI-forskar Jan Olav Christensen i episode 9 av podkasten Arbeidsmiljørådet.

Du kan abonnere på Arbeidsmiljørådet i din podkast-app. Du kan òg spele av podkasten her på denne sida, eller hos Spotify, Google og Apple.

Finn fleire episodar av Arbeidsmiljørådet her

Helseyrker har lav kontroll

– Vi har grunnleggande behov for å kunne påverke eigen arbeidssituasjon, og å kunne påverke avgjerder på arbeidsplassen. Meir kontroll gjer at ein i større grad kan ein gjere jobben sin på ein måte som kjenst riktig og meiningsfylt, seier Christensen.

Dei yrka der flest oppgir at dei har lav grad av jobbkontroll, er sjukepleiar, pleie- og omsorgsarbeidar, og andre helserelaterte yrker.

– I nokre yrke er det strenge krav til å gjere jobben på ein spesifikk måte, for eksempel utmåling av medisinar. Ein har også lite kontroll over arbeidstid, og kvar ein kan gjere jobben.

STAMI-forskaren forklarer òg at i arbeidssituasjonar der ein har mykje å gjere, og må gjere oppgåvene fort, det er det mindre rom for å gjere eigne val og vurderingar.

Sjå meir statistikk om jobbkontroll her

Ein kan påverke graden av kontroll

Dersom ein har lav grad av kontroll i arbeidet, er ein dårlegare rusta til å takle høge krav. Leiarar i ei verksemd kan bidra til å påverke arbeidssituasjonen til tilsette slik at fleire kan oppleve meir kontroll.

– Det er lurt å delegere ansvar, og legge til rette for at tilsette kan vere med å ta avgjerder som er viktig for deira arbeidssituasjon, der det er mogleg, seier Christensen.

Og det kan også vere lurt på fleire måtar, sidan det i mange situasjonar er dei som er tettast på arbeidsoppgåvene som har mest innsikt i kva som fungerer best.

– I arbeidssituasjonar der det er strenge rammer, og derfor lav grad av kontroll, er det lurt å gi meir rom for medverknad og høgare grad av kontroll, i andre delar av arbeidet, seier han.

Dette temaet kan du høyre meir om i denne episoden av podkasten Arbeidsmiljørådet.