Hjem Nyheter Podkast: Blir fleire sjukmeldte i kontorl[...]

Podkast: Blir fleire sjukmeldte i kontorlandskap?

Over 60 prosent av folk som jobbar på kontor i Noreg, jobbar i kontorlandskap eller deler kontor med andre. Utforminga av kontoret kan påverke risiko for helseplager og sjukefråvær.

Dei aller fleste har meiningar om korleis ein sjølv liker å arbeide, og ein kan diskutere sine kontorpreferansar i det uendelege. Men så har vi også forsking som viser oss korleis ulike kontorkonsept kan påverke arbeidsmiljøet og helsa til dei tilsette, og risiko for sjukefråvær.

Forskarar på STAMI har gjennom fleire prosjekt prøvd å forstå korleis ulike kontorkonsept påverkar helsa til dei som bruker kontoret.

– Etterkvart er det mange studiar i dette feltet som peiker i same retning om skilnadane mellom einekontor og ope kontorlandskap. Men vi ser at mange verksemder legg vekt på andre omsyn når dei skal planlegge nye kontorlokale, seier Randi Hovden Borge, som er stipendiat ved STAMI.

Dette kan du høyre meir om i denne podkastepisoden:

Du kan abonnere på Arbeidsmiljørådet i din podkast-app. Du kan også spele av podkasten i ruta over her, eller hos Spotify, Google og Apple.

Høyr fleire episodar av Arbeidsmiljørådet her

Få nyhetsbrev
Lukk