I 2020 måtte verksemder med kontorarbeidsplassar over natta gjennomføre ein stor omvelting, då om lag halvparten av arbeidsstokken vart tvungne til å arbeide på heimekontor.

Dette vart sett på som ein suksess, og dei nye erfaringane med fjernarbeid vart tidleg snakka om som ein viktig del av framtidas arbeidskvardag. Etter kvart kom fleire skeptiske stemmer på bana, men stemninga for heimekontor var tydeleg positiv.

– Biletet er litt meir nyansert enn det vi i eufori ga uttrykk for i starten av pandemien. Men vi skal ta med oss det fantastiske vi fekk til i den perioden. Det førte oss eit nytt steg i utviklinga av nye arbeidsmetodar, seier Pål Molander, direktør i STAMI.

Pål Molander snakka om heimekontor og fjernarbeid på Entra og Malling & Co sitt webinar ‘Fremtidens arbeidsplass’, 1. mars. Sjå webinaret her.

Balansegang

Dei siste åra har mange publisert bøker om «remote work», og det er eit stort felt med mange ulike erfaringar.

For leiarar er det to ytterpunkt når ein skal opptre som fjernleiar. Mange mister uformell kontakt og informasjon, og blir freista til å oppsøke dei tilsette digitalt. Dette kan føre til at tilsette oppfattar det som ein form for negativ sosial kontroll, eller ein form for overvaking.

Det andre ytterpunktet er ein misforstått form for tillit, der ein som leiar ikkje gir noko sosial støtte i det heile.

– Dette er spennande, og vi er i ukjent terreng her. Det er hårfine grenseoppgangar mellom for mykje og for lite oppfølging som leiar. Og det er i tillegg lite som skal til for å hamne i ein dårleg jobb-privatlivbalanse, seier Molander.

Konkurransefortrinn

Éin ting som er sikkert i arbeidslivsforskinga er at autonomi er bra for arbeidstakaren. Noreg har høgare autonomi i arbeidslivet enn dei fleste andre land. Det norske arbeidslivet har lenge vore flinke til å involvere dei tilsette i å definere innhaldet i arbeidet.

– Det gir større produktivitet, og dette er eit stort konkurransefortrinn som det norske arbeidslivet må ha med seg, også gjennom nye endringar i arbeidslivet framover, seier direktøren.

Vi har ikkje forsking som seier noko om kor mykje autonomi som er for mykje, når det kan bikke over i kaos. Men det er naturleg å vere merksam på at ein kanskje kan nå dette punktet med mykje bruk av fjernarbeid i ein organisasjon.

Tre ting som virkar

I 2020 fekk STAMI i oppdrag å samle tilgjengeleg kunnskap om fjernarbeid knytt til helse og arbeidsmiljø. Dette er eit felt som er lite studert, men det var likevel enkelte funn som det er viktig å ha med i ein kunnskapsbasert tilnærming til framtidas arbeidsliv.

Det eine er at arbeid på heimekontor gir jobb-privatlivutfordringar. Dette er assosiert med psykiske helseplager, lavare produktivitet, og fråfall dersom det går for langt.

Kunnskapsoppsummeringa viser også at dei som lykkast med bruken av fjernarbeid, har gjort tre ting:

  1. Arbeide heime når ein har oppgåver som krev konsentrasjon, og som ikkje treng samhandling
  2. Ikkje for stor mengde av heimekontor, men i stor grad vere til stades på arbeidsplassen
  3. Det er frivillig å arbeide heime, men det skal også vere mogleg å arbeide på kontoret kvar dag

Skilnad på nye og erfarne

Dei som tidleg i pandemien bestemte seg for at heimekontor er framtida, kan med fordel ta med seg kunnskapen frå eit «normalsamfunn» også, inn i vurderingane.

Her tyder studiane på at det er lurt å vere forsiktig. I 2020 var alle på heimekontor, og det var ein tydeleg og oversiktleg situasjon. Men det blir meir komplekst når nokon er på kontoret og andre er heime.

– Eldre og erfarne viser seg å like godt å arbeide på heimekontor. Mens yngre, og spesielt nytilsette, opplevde å vere mindre effektive på heimekontor. Mellom anna fordi dei ikkje hadde kontakt med dei erfarne kollegaane, som sat heime og var glade for å ikkje bli forstyrra, seier Molander.

Ein normalisering av denne situasjonen kan gi ei utfordring med å integrere yngre og nye arbeidstakarar. Spesielt blir dette avgjerande når eldrebølga krev at så mange som mogleg blir verande i arbeid.