No kan helseklinikkar styrkje arbeidsmiljøet med verktøyet En bra dag på jobb. Tannlegekontor, dyreklinikkar, legekontor og legevakt, er døme på helseklinikkar i denne samanhengen.
Alle har utfordringar i arbeidsmiljøet sitt, men dei varier frå bransje til bransje. På helseklinikkar er dette dei vanlegaste utfordringane:
- Høge emosjonelle krav
- Høge krav og lite høve til å påverke arbeidet
- Vald, truslar eller uønskt seksuell merksemd
- Uheldige arbeidsstillingar
- Smitte og hygiene
Finne løysingar i fellesskap
Kvar i all verda skal ein starte for å jobbe med utfordringane i arbeidsmiljøet? Her er verktøyet En bra dag på jobb til god hjelp.
Verktøyet bidreg til å samle leiinga og tilsette til å snakke om kva som er dei konkrete utfordringane i sitt eige arbeidsmiljø. Og så kan alle i fellesskap finne passande tiltak, og lage ein konkret handlingsplan for å løyse desse utfordringane.
Og no finst verktøyet for bransjen helseklinikkar.
Verktøyet finn du her:
En bra dag på jobb: HelseklinikkarForsking og dialog med verksemder
Når vi utviklar verktøyet for nye bransjar, ser vi først på forsking og statistikk om kva som er dei mest framståande arbeidsmiljøutfordringane.
I tillegg har vi dialog med leiarar og tilsette i verksemder for å få konkrete døme på korleis dei opplever utfordringane. Og ikkje minst korleis dei førebyggjer og handterer dei.
På denne måten er En bra dag på jobb spesifikt tilpassa helseklinikkar, og over 20 andre bransjar i det norske arbeidslivet, slik at flest mogleg kan kjenne seg igjen i problemstillingane.
Då er det lettare å sette i gang på sin eigen arbeidsplass.