Mange funksjonar i samfunnet er avhengige av at tilsette jobbar om natta. I industrien, helsevesenet og andre døgnkontinuerlege verksemder må arbeidstakarar ta gode avgjerder, også når kroppen eigentleg er innstilt på å sove.
STAMI har gjennomført ein studie der forskarar har undersøkt tilsette i aluminiumsindustrien. Her har dei sett at tilsette reagerer saktare og har fleire korte «merksemdsglipp» etter fleire nattevakter på rad, enn etter ein tilsvarande periode med dagarbeid.
– Nattarbeid er ein nødvendig del av mange verksemder. Difor er det viktig å få meir kunnskap om korleis ulike skiftordningar påverkar funksjonen og tryggleiken til arbeidstakarane, seier lege og forskar Martine Pedersen ved STAMI.
Målte reaksjonsevna etter jobb
87 tilsette ved eit norsk aluminiumsverk vart testa både etter ein arbeidsperiode med dagvakter og etter ein periode med nattevakter.
Forskarane målte kor årvakne deltakarane var. Det vil seie kva evne dei hadde til å halde merksemda oppe og reagere raskt når noko skjer.
Dette målte dei med ein enkel reaksjonstest. I tre minutt skulle deltakarane trykke på ein knapp så raskt som mogleg når eit signal dukka opp på ein skjerm.
Resultata viste at reaksjonstida var lenger etter tre og fire nattevakter, enn etter dagarbeid. Deltakarane hadde òg fleire korte periodar der merksemda var redusert.
Likt frå tredje til fjerde nattevakt
Forskarane ønskte òg å undersøkje om fire nattevakter på rad gav ytterlegare redusert reaksjonsevne samanlikna med tre nattevakter på rad.
Det fann dei ikkje.
Dei undersøkte òg om det var forskjellar mellom nattskift av ulik lengd. Deltakarane i studien arbeidde nemleg skift som var både åtte timar og tolv timar lange. Heller ikkje her fann forskarane statistisk sikre forskjellar.
– Det tyder ikkje nødvendigvis at talet på nattevakter eller lengda på skift ikkje betyr noko. Resultata viser berre at vi ikkje fann sikre forskjellar i denne studien. Her treng vi meir forsking før vi kan seie meir om dette, seier Pedersen.
Viktig kunnskap for arbeidslivet
Redusert reaksjonsevne treng ikkje bety at ein arbeidstakar gjer fleire feil eller hamnar i ei ulukke. Risiko for dette blir påverka av mange faktorar, mellom anna arbeidsoppgåver, bemanning, pausar, opplæring og tekniske tryggleikssystem.
Forskarane bak studien peikar på at resultata kan vere nyttige når verksemder vurderer korleis dei organiserer arbeidstida.
– Denne studien er ei viktig brikke i kunnskapsgrunnlaget. Saman med anna forsking kan studien bidra til at verksemder tek gode avgjerder om arbeidstidsordningar og risikoreduserande tiltak, seier Pedersen.